Jonas Bødtker og eg er i gang med eit spennande prosjekt som går ut på å tegne med lysstaver, såkalla lysgrafitti. Les meir og sjå fleire bilete på visuello.no.
Tags: sketches
Jonas Bødtker og eg er i gang med eit spennande prosjekt som går ut på å tegne med lysstaver, såkalla lysgrafitti. Les meir og sjå fleire bilete på visuello.no.
Tags: sketches
Atelier Nord spurte meg (som ein av tre videokunstnarar) om å lage ein videoinstallasjon til opninga av det nye lokalet på Olaf Ryes Plass. Her er ein liten videosnutt av det eg satte saman filma rett før opninga.
Tags: projection
Jag Diamonds
—
Installation for the brand Jag Zoeppritz in Paris.
Video mapping on paper shapes.
deathinparis.com
Tags: projection
Til avgangsutstillinga på Kunsthøgskulen i Oslo valde interiør- og lysdesignar Anne Linn og eg å gjera eit samarbeidsprosjekt som kommuniserte båe masterprosjekta – om hav & rom, fomidling & projisering.
Me kutta og lima i saman 112 unike bitar (ja, det tok lang tid) til ein havskulptur som vart hengd frittståande frå taket i fiskesnører i utstillingsrommet. Deretter kartlagde eg kvar puslebit slik at ein kunne projisere unike fargar og lysintensitet på kvar og ein brikke. Prosjektoren hang me peikande nedover frå taket. Ved å bruke ein kombinasjon av proiseringsprogrammet VPT og animasjonsprogrammet Adobe After Effects laga eg to sekvensar som gjekk i loop under utstillinga. Dette skulle syne litt av det som er mogleg med projeksonsmapping (ein teknikk eg lærte meg i løpet av masterprosjektet) knytta til formidling av Anne Linn sitt prosjekt som handlar om hav og rom.

Tags: installation, masterproject, presentations, projection
Her er litt bilete i frå utstillinga til avgangsstudentane på bachelor og master på Kunsthøgskolen i Oslo. Mykje folk og god stemning gjorde dette til ein positiv erfaring!
Tags: design, masterproject, presentations, projection
Les om min fine, flinke og flotte klasse på designavgang.no/MA-Design
Tags: khio
Etter ein halv dag med opprigg og ein halv dag med justering av projeksjons-mappinga bør eg seia meg fornøyd med dagens innsats. I morgon skal nok ein projeksjonsanimasjon lagast, strek på murstein i inngangspartiet. Satsar på å vera ferdig til opninga av utstillinga kl 19.00.
Tags: installation, masterproject, process, projection
Dagen i dag gjekk med til ferdiggjering av Bølgeskvulp-sekvensen og generering av nye testar på “Solstrek” og “Fiskestim”. Ellers er eg i tenkeboksen på korleis eg skal løyse det tekniske med avspelar av projeksjonen på utstillinga. Valet står mellom å bruke min private laptop eller få tak i evt. kjøpe ein mac mini, sidan medieboksen WD TV Live viste seg å ikkje fungere heilt optimalt for projeksjons-mapping.
Tags: installation, khio, masterproject, process, projection, sketches
Æsj. Tida renn ut. Særleg fordi eg held på med andre ting, som å spele ein heil dag med storbandet mitt på Bygdøy Allé-dagane. Og fordi eg kasta bort masse tid på å teste ut WD TV Live boksen som eg kjøpte inn (og som viste seg å ikkje fungere til å vise mapping-arbeid). Dobbeltæsj.
Tags: installation, process, projection, sketches

Etter å ha produsert ulike testprojeksjonar dei siste tre dagane, brukte eg dagen i dag til å få tilbakemeldingar. Noko som gjorde at me kunne bestemme oss for kva sekvensar som det er verdt å bruke tid på å fullføre til avgangsutstillinga på tirsdag.
Tags: installation, khio, masterproject, process, projection, sketches