Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Kymatikk (Cymatics) » Synestetisk design
februar 5, 2010 1

Kymatikk (Cymatics)

By in Inspirasjon

Definisjon

Kymatikk (fornorska frå engelsk cymatics, via gresk for bølge: κῦμα), òg kjent som modalfenomen, er studiet av synleg lyd og vibrasjon på overflata av ei plate eller ein membran. Direkte visualisering av vibrasjonar involverar å bruke lyd for å oppmuntre til mønsterskaping med foreksempel partiklar og væske.

Apparata ein nyttar kan vera alt frå heilt enkle, som Chladni Plate eller meir avanserte som CymaScope, eit laboratoriums-instrument som gjer den ibuande geometrien i lyd og musikk synleg.

Dette er ei Chladni plate. Her kan ein skape heilt nydelege Chladni-mønster som er forma av for eksempel finpartikla sand på ei metallplate når plata vert eksponert for akustisk lyd. Biletereferanse: kheyali.wordpress.com.

Her er eksempel på mønster som kan opptre på ei Chladniplate under lydeksponering. Biletereferanse spacecollective.org.

Dette biletet syner eit meir avansert apparat til studie av kymtaikk, Cyma Scope. Biletereferanse: therawfeed.com

Syma Scope kan nyttast for å forske på sangen til kvalen. Biletereferanse: speakdolphin.com

Eit eksempel på eit CymaGlyph-bilete i vatn. Biletereferanse: denderapartners.com

Film om kymatikk

Evan Grant: Making sound visible through cymatics.

Hans Jenny gamle video: Cymatics – Bringing Matter To Life With Sound (Part 1 of 3)

Litteratur om kymatikk

Hans Jenny (1904-1972), ein sveitsisk medisinsk doktor og pioner på dette feltet har skrive boka Cymatics, som reknast for å vera bibelen på dette området. Dette er ei samanstilling av dei to utgjevnadene frå 1967 – The structure and dynamics of waves and vibrations, og 1974 – Wave phenomena, vibrational effects and harmonic oscillations with their structure, kinetics and dynamics.

Det er ei bok på ca. 300 sider med gode bilete og forklarande tekst. Det seiest at Hans Jenny er ein svært god researcher, noko som kjem til syne i denne boka.

Alexander Lauterwasser, ein tysk researcher og fotograf er forfattaren bak denne boka: Water Sound Images: The Creative Music of the Universe, publisert i 2002 på originalspråket tysk. I 2006 vart den engelske utgava publiser. Denne boka syner bilete av vannoverflatar som er sett i rørsle med ei lydkjelde, alt frå reine simusbølgjer, overtonar og til musikk av Ludwig van Beethoven, Karlheinz Stockhausen.

Ei tredje bok om musikk og mønster er denne: Harmonograph: A Visual Guide to the Mathematics of Music, skrive av Anthony Ashton. Denne boka handlar om det vitskaplege instrumentet «harmonograph» som avslører nydelege mønster som ein finn i musikk. Det er ei introduksjonsbok som tar oss med på ei historisk reise heilt tilbake til Pytagoras si tid.

Historia

Ein av dei første til å studere mønster skapt av lyd var Galileo Galilei (1564–1642). Han skreiv i Dialogue Concerning the Two Chief World Systems i 1632:

As I was scraping a brass plate with a sharp iron chisel in order to remove some spots from it and was running the chisel rather rapidly over it, I once or twice, during many strokes, heard the plate emit a rather strong and clear whistling sound: on looking at the plate more carefully, I noticed a long row of fine streaks parallel and equidistant from one another. Scraping with the chisel over and over again, I noticed that it was only when the plate emitted this hissing noise that any marks were left upon it; when the scraping was not accompanied by this sibilant note there was not the least trace of such marks. (wikipedia)


8. juli 1680 undersøkte Robert Hook mønster assosiert til ulike måter av vibrasjon av glassplater.

I 1787 bygde Ernst Chladni vidare på Robert Hook sitt arbeid og publiserte boka «Entdeckungen über die Theorie des Klanges» («Discoveries in the Theory of Sound»). I denne boka, Chladni forklarte mønster som vart synlege når ein plasserte sand på metallplate som vart satt i vibrasjon når ein strøyk med ei bue på enden av plata.

Biletereferanse: cropcircleresearch.com

Den første boka som gjekk direkte på fenomenet «kymatikk» vart skrive i 1967 av Hans Jenny: Kymatik (translated Cymatics). Inspirert av systemteori og arbeida til Ernst Chladni byrja Jenny å forske på periodiske fenomener men spesielt på visualisering av lyd. Han brukte standing wavespiezoelectric amplifiers, og andre metodar og materialar.

Tags: , ,

One Response to “Kymatikk (Cymatics)”

  1. […] var føydd i 1965 i Øst-Tyskland. Han jobbar og som visuell kunstnar. Ved å bruka prinsippa frå kymatikk visualiserar han lyd. Nikolai sine arbeid er forma av ein konvergens av lyd, måling og skulptur […]


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510