Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Møte med Kai og Alan » Synestetisk design
februar 8, 2010 Off

Møte med Kai og Alan

By in Inspirasjon, Veiledning

I går hadde eg ein prat med to lærarar på skulen Kai Gjelseth og Alan Mackenzie-Robinson.

Alan Mackenzie-Robinson har vore ansatt på KHiO sidan 2001, er utdanna ved Edinburgh College of Art og Royal College of Art MARCA. Han har hatt oppdrag for forlag, arkitektfirmaer, design- og reklamebyrå som illustratør. Alan Mackenzie-Robinson undervisar hovedsakeleg i illustrasjon innen visuell kommunikasjon. Alan Mackenzie-Robinson er særleg interessert i idéutviklingsfasen innan illustrasjon og visuell kommunikasjon.

Kai Havig Gjelseth har vore ansatt sidan 1979, er utdanna ved Den Grafiske Højskole i København og undervisar i typografi og skrift, foto og illustrasjon. Kai Havig Gjelseth har reist mykje og holder foredrag om kultur og opplevingar. Foto er sentralt for Gjelseth og han bruker dette som si skisseblokk både som grafisk designer og på reiser.

Praten med Alan

Medan eg venta på at Kai skulle komme til møte, kom tilfeldigvis Alan forbi. Eg spurte han om han var interessert i musikk, sidan eg visste at han dreiv med illustrasjon, tenkte eg kanskje han hadde nokre tips til meg og masterprosjektet mtt. Og det hadde han. Det viste seg òg at han hadde vore veiledar for Siv Mannsåker – ein tidlegare KHiO student som hadde eit relatert masterprosjekt. Han var interessert i å høyra kva eg holdt på med, og stilte relevante og kritsike spørsmål til det eg haldt på med. Han var opptatt av å formidle tre ting til meg:

  1. Design handlar om interaksjon. Kommunikasjon mellom designar og mottakar.
  2. Det sentrale for eit godt masterprosjekt var å kunne anvende informasjon ein kjem over. Alt som vert sagt, vert sagt av ein grunn og det er opp til meg å dra nytte av den informasjonen. Å vera medviten på eiga læring. Still altid spørsmål om kvifor, kva meinte du med det osv.
  3. Knytt teori opp i mot produkt. Ikkje grav deg ned i research utan å ha kjensle for kva ein kreativt skal utforme.

Alvo Noto

Alan kom med to relevante tips til folk som jobba i grenselandet musikk/design. Det mest relevante var kanskje Carsten Nikolai a.k.a. Alvo Noto.

Alva Noto er artistnamnet til lydkunstnaren Carsten Nicolai som bruker kunst og musikk som verktøy for å lage eit mikroskopisk syn på ein kreativ prosess. Nikolai var føydd i 1965 i Øst-Tyskland. Han jobbar og som visuell kunstnar. Ved å bruka prinsippa frå kymatikk visualiserar han lyd. Nikolai sine arbeid er forma av ein konvergens av lyd, måling og skulptur som resulterar i installasjonar som utforskar ideen om kreativitet filtrert gjennom ein modulbasert system og kodar. Han nyttar sin eigen musikk i visualiseringa si. Han arbeid synar begrensningar, og det potensielle vakre og kreative, som er moglege til tross for eit strengt logisk system.

Alva Noto+Ryuichi Sakamoto – Trioon (Karl Kliem _ 2003) visuals done using max/msp/jitter. www.dienststelle.de www.ritalink.org.

Geir Jensen

Geir Jensen kjem frå Tromsø. Han jobbar òg i grenselandet musikk/bilde.

Møte med Kai

Med Kai snakka me om foto, jazzmusikk, designarar og tverrfaglighet. Som fotograf, illustratør, typograf og skribent er Kai sjølv svært tverrfagleg. Han kan litt om mykje, noko han utelukkande ser som ein fordel.

Eg presenterte først kva masterprosjektet mitt går ut på, og så prøvde han å tilpasse sin kunnskap slik at det kunne vera nyttig for meg. Han fortalde blant anna at Duke Ellington ville eigentleg verta grafisk designar. Duke Ellington hadde synestesi, han kopla fargar til tongar. Noko Maria Mena òg har.

Bjarne Melgaard – kunstnar

Kim Hiortøy – multikunstnar

Knut Harlem – cd-cover

Halvor Bodin – grafisk designar

Jan Erik Vold – diktar, jazzelskar, rytme i poesi

Paul Klee – sveitsisk målar

Tags: , , , , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525