Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Veiledning med Josef » Synestetisk design
april 29, 2010 Off

Veiledning med Josef

By in Veiledning

Eg hadde akkurat ein veiledning med Josef Leupi ang. masterprosjektet mitt. Han er tildelt som min interne veiledar frå KHiO. I tillegg til han, kjem eg til å få ein veiledar som går meir på det feltet eg vel å jobbe i.

Josef og eg snakka om i det store og heile om kva masterprosjektet mitt går ut på. Noko som ikkje er klart definert for augeblikket. Eg har kontroll på utgangspunktet, som ligg i foto- og musikkinteressa mi. Men eg har førebels ikkje eit ferdigspikra tema. Til nå har eg jobba under tittelen: visualisering av musikk. Men dette er eit ganske vidt tema som kan ta mange retningar, som Josef påpeika. Han meinte at eg burde bruke litt tid på å tenke over:

  1. Kva har eg lyst til å bruke det neste året til? (å fordjupe meg i eit tema eg brenn for)
  2. Kva er eg interessert i, og kva vil eg bli flink i? (formidling, konsepttankegang, evaluering, kritikk, refleksjon)
  3. Kva vil eg lera? (det å formidle eit bodskap visuelt, vite kva ein skal trekke fram/utelate)
  4. Kva er utfordringa/substansen i det? (…)

Kunstar vs. designar

Me snakka óg om skilnaden mellom ein designar og ein kunstnar, og i kva bås eg plasserar meg sjølv i.

Ein kunstnar er ein person som utøvar kunst eller lagar kunstverk. Kunst kan defineras som eit fantasifullt og nyskapande, estetisk kulturuttrykk for indre eller ytre opplevingar. (wikipedia)

Ein Designar er planleggaren som legg grunnlaget for det å lage eit kvart objekt eller system. Design kan vera både ein prosess og ein gjenstand. Designprosessen kan defineras som «Forvaltninga av begrensningar».. (wikipedia)

Svaret mitt var at eg ser på meg sjølv som ein designar, ein som ser på råstoffet, forvaltar det, trekk fram det som bør trekkast fram, og utelet det som ikkje er så viktig – alt med omsyn til å formidlinge eit bodskap til mottakaren. Slik eg ser på det nå, så er musikk og lyd råstoffet til masterprosjektet mitt, medan måten eg forvaltar det på, er val eg tek som designar. På den måten nyttar eg designtenkning og designprosess som metode for å skape.

Kva er designtenkning?

Designtenkning går ut på å tenke nytt og kreativt på problem/spørsmål som har eit potensiale til å verta løyst/svart på ein anna (og betre) måte. Altså det å tenka utanfor boksen.

Tags:

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525