Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Veiledning med Maziar » Synestetisk design
mai 5, 2010 Off

Veiledning med Maziar

By in Inspirasjon, Veiledning

Veiledning nr. 2 med Maziar. Kanskje ikkje like givande som den første veiledninga, men heilt ok denne gangen. Han gav meg nokre namn å sjekke ut, nokre tips til vidare arbeid og litt tilbakemelding på arbeidet eg har gjort på musikkvideoen. Han meinar forøvrig musikkvideo og titlesequence (titlesequence er meir enn typografi på skjerm) er to sjangrar som er gode for meg å eksperimentere med innan audioviusal design. Men han ba meg lære basic skills i filmmaking.

Film Art: An Introduction by David Bordwell and Kristin Thompson (Paperback – Nov. 25, 2009).

Denne boka ba han meg lese og lære av. Han ba meg òg finne 30 sekundssekvensar som eg virkeleg syntes var bra, for så å kopiere det. Storytelling -> Compressing idea into a short space -> sequence. Bli flink på å lage korte sekvensar!

Eksperimentell film, Maya Deren: Primal Scream. Han såg at eg ikkje var så veldig begeistra for dette eksempelet han viste, og ba meg derfor vise eksempel på kva eg sjølv likte – noko eg ikkje klare på ståande fot, men her er noko av det betre eg har funne til nå:

Favorittmusikkvideoar

Dette er ein interaktiv musikkvisualisering som går ut på at du kan «teikne med blekk» på skjermen undervegs medan du høyrer sangen «Soy tu Aire» av gruppa Labuat. I tillegg er er det programmert inn fuglar som flyr og delfinar som hoppar+++. Ganske så imponerande. Prøv det sjølv!

Ide & regissering: HerraizSoto & Co Programmering: badabing!, Animasjon: Joisse Malis

Så enkelt, men så genialt.

Med 11 millionar syningar må dette vera ein av dei mest sette norskproduserte youtubevideoane. Laga av Lasse Gjertsen medan han studerte animasjon i England.

Gnarls Barkley – Crazy (klikk på biletelink for å sjå). Første gongen eg såg denne musikkvideoen vart eg heilt oppslukt.

I’ll be gone from KORB on Vimeo.

Fekk umiddelbart sansen for denne musikkvideoen. Ganske uvanleg tilnærming, der ein penn festa til eit medisinsk instrument teiknar opp lydinntrykka fortløpande.

Helene Bøksle – Var jeg en vind from jan rune blom on Vimeo.

Papir, klipp og lim av animatøren Jan Rune Blom. Ting er fotografert/teikna, printa ut og fotografert nok ein gong med stop-motion. For eit arbeid. Her er behind the scenes.


Nydeleg stop-motion musikkvideo.

Menneske som lagar symbol og mønster filma i frå fugleperspektiv. Enkelt men genialt.

Favoritt titlesequence

Introen til serien Dexter.

Introen til Se7en

Favorittprosjekter

rain. from rainer kohlberger on Vimeo.

Rain er eit minimalistisk audiovisuelt program der du kan sjølv komponere musikk via iPhone. Last ned app fra kohlberger.net/rain

Bathtub II from Keith Loutit on Vimeo.

Har kikka ein del på stop-motion-tilt-shift-videoar i det siste. Keith Loutit har laga noko av det betre!

Hear here. Eit studentprosjekt av Marc Rabinowitz. A series that shows how our environment can be viewed through a musical lens.

Heftig studentprosjekt – I AM NOT AN ARTIST – med gif-animasjonar av Jonny Kelly and Matthew Cooper. Funne pådesignyoutrust.

Animasjon til Coltrane låta «Giant Step» laga av Michal Levy. Ho laga det som eit avagangsprosjekt på bacheloren, jobba døgn og natt med det i 4 månadar, og har fått mykje merksemd og vunne fleire prisar i ettertid. Ho er sjølv saksofonist, og ho seier at ein av grunnane til at ho valgte denne låta var fordi ho ikkje klarte å spele den sjølv. Så ho ynskte å visualisere låta for å kanskje kunne forstå han betre.

nytimes

The New York Times nytta lyd for å demonstrere måltidsdifferanse i OL. Denne nyskapande auditive måten å kommunisere måldifferanse i tid gir oss ei heilt ny oppleving.

Eit interaktivt musikkvisualiseringsprosjekt gjort av Jonas Heuer i tredje semester på «Hochschule für Gestaltung Schwäbisch Gmünd». Når ein trykker på tangentene, kjem vart bestemte fargar visualisert på veggen. Fargane vart hengjande, og lengda vart representert i tjukkelse. Programmeringsspråk: vvvv.

Fold Loud av JooYoun Paek. Origami (papirbretting) kombinert med sensorar som skapar tonar i dei ulike brettekombinasjonane. Funne på todayandtomorrow.

Absolutt heilt fantastiske plakatar av Ersinhan Ersin.

Titlesequence

Ein installasjon av 250 000 euromyntar på ein offentleg plass i Amsterdam frå september 2008. Installasjonen vart laga i løpet av 8 dagar med hjelp frå 100 frivillege. Myntane vart sortert i 4 forskjellege valørar og plassert over eit område på 300 m². Filmen under er ein stop-motion film som syner prosessen bak prosjektet.

Eit fint stykke arbeid gjort av Orlagh O’Brien. Dette er eit visuelt research prosjekt der det vart samla inn teikningar frå 250 deltakarar. Dei vart spørt om å teikna korleis dei opplevde ulike kjenslar som sinne, lykke, angst osv. Korleis ville dette sett ut i forhold til opplevinga av musikk?

Oppsumert

Med dette temaet eg beveger meg inn på, har eg mykje jobb å gjera, både på å finne kva retning eg vil gå i, og å faktisk tileigne meg nødvendig kunnskap for å formidle eit audiovisuelt budskap. Og sjølvsagt som Maziar påpeika, den viktigaste kunnskapen eg kjem til å lære meg, er nok prosess, metodelære og teori – altså bakgrunnskunnskap som kan transformerast til eitkvart område som eg kjem til å jobbe med seinare i livet mitt – korleis eg som person jobbar fram eit svar på eit spørsmål.

Det positive er at eg har ein god følelse for dette og er motivert for å jobbe med det, det er noko eg gjer fordi eg har lyst til det – og ikkje fordi eg må. Det i seg sjølv er nok den viktigaste nøkkelen til suksess, for min del.

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510