Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Bilder fra en utstilling » Synestetisk design
juli 20, 2010 Off

Bilder fra en utstilling

By in Inspirasjon

Den norske pianisten Leif Ove Andsnes samarbeida i fjor med den sørafrikanske kunstneren Robin Rhode om ein ny versjon av Modest Musorgskijs Bilder fra en utstilling. Robin Rhode har laga nye bilete som rammer inn stykket. Sjå filmklippet på nrk sine nettsider.

Leif Ove Andsnes reiser i disse dager verden rundt med sitt siste store prosjekt, Pictures Reframed. Dette er en ny versjon av Modest Musorgskijs Bilder fra en utstilling der den sørafrikanske kunstneren Robin Rhode har laget nye bilder som rammer inn stykket. Opptaket er gjort under Risør Kammermusikkfest sist sommer, og var utvilsomt et av høydepunktene under festivalen.

Funne på nrk.no.

Når eg ser dette filmklippet er det to ting som slår meg:

  1. Leif Ove Andsnes er ein fantastisk musikar. Han formidlar musikken på ein så bra måte. På ein så bra måte at eg føler det er unødvendig med noko som helst visualisering. Fordi han formidlar musikken så rikt. I det eine sekundet intenst, i det andre sekundet tilbaketrukket. Han har full kontroll over kva han vil seie og når han seier det.
  2. Det andre punktet er at eg har sans for abstraksjonane til den visuelle kunstnaren Rhode. Det som er fint med det abstrakte at sjåaren sjølv kan tilleggje meining. På den måten kan sjåaren vera med på skapinga, og han/ho er nøkkelen til finne meining i det som vert framstilt.

Leif Ove Andsnes seier sjølv at med dette prosjektet søker han eit nytt publikum og ein ny måte å tilnærme seg musikken på. Andsnes seier at han lært masse om korleis ein kan bringe desse to kunstformane, musikk og bilete, i saman. Korleis dei ikkje fungerar i lag, og korleis dei fungerar i lag. Korleis rytmen i musikken kan vera veldig forskjellig i forhold til rytmen i det visuelle. Og at noko nytt kan bli skapt med å bringe desse to kunstformane i saman.

Eg har skrive om dette prosjektet tidlegare på denne bloggen, med tittelen: Treng musikk bilete?

Tags: ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525