Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Researchportfolio 2010 » Synestetisk design
august 21, 2010 Off

Researchportfolio 2010

By in Eksperiment

Nå har eg endeleg fått summa meg til å ta nokre bilete av researchportfolioen eg laga i slutten av forrige semester. Det var masse fram og tilbake i forhold til kva ein researchportfolio var, og kva ho skulle innhalde. Det var i grunnen opp til oss sjølv å tolke det etter beste meining.

Framsida

I starten av boka skriv eg litt om bakgrunnen min i musikk og foto, og kva erfaringar eg har dratt med meg vidare frå desse to områda.

Dette er eit oppslag som syner bilete i frå ein stop-motion-film eg laga for å introdusere temaet mitt til ein presentasjon me hadde før jul i fjor.

Improvisasjon, tale el. kunstverk som først skapes i det øyeblikket da det skal framføres. (Kjelde: norsk ordok)

Dette er eit oppslag som syner litt av eit typografiprosjekt eg gjorde før jul, nemleg å illustrere musikkuttrykk med typografi.

Litt tekst høyrer heime i ein researchportfolio…

Det eg prøvde å fokusere på med min researchportfolio var å fokusere på å vise prosess. Her er eit oppslag som viser alle bileta eg fotograferte i eit tredje prosjekt eg gjorde før jul, nemleg måling som dansa av vibrasjonar i frå eit høytalaranlegg.

Her er litt ulike miniatyrbilete i frå eksperimentering til ein musikkvideo eg laga etter jul, som forøvrig skal offentleggjeras på ein releasekonsert på Parkteateret 26. september.

Forrige semester hadde me ein del workshops, blant anna dette, som syner litt i frå kurset som handla om metadesign, med veiledarar i frå Goldsmith i London.

Forrige semester hadde me studietur til Amsterdam, me besøkte bla. reklamebyrået 180, der det var uttalt: Colour is music, it touches us.

I sida på boka skjular det seg temaet eg har jobba rundt så langt, nemleg, å se lyden…

…og høre bildet.

Lukkast eg med oppgåva, å lage ei researchportfolio?

Eg tolka researchportfolio som: «Mitt søk etter kunnskap samla i ei mappe».

Når eg ser på det nå i etterkant, ser eg at eg faktisk ikkje har inkludert det totale søket mitt. Eg har fokusert mest på dei prosjekta eg gjorde, og korleis eg skulle presentere dei. Eg har ikkje nemnt kva anna eg har sett på. Andre liknande prosjekt som andre har gjort osv.

Eit anna vaklande punkt med mi researchportfolio er at eg ikkje heilt klarar å stake ut kursen vidare, noko som var hovudhensikten med oppgåva, å gjere oss førebudd å jobbe vidare i ei klar retning i neste semester. Noko som gjer at eg ikkje har den beste starten. Eg må jobbe ganske hardt framover for å kunne snevre inn temaet mitt. Til nå har eg jobba rundt temaet å visualisere musikk, men dette er eit vidt tema, og det er mange måtar å gjere dette på. Så for å ikkje å ende opp å famle i mørket, er det på tide å finne ein sti og ei lommelykt!

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510