Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3837
Innovativ og interaktiv musikkvideo frå Arcade Fire » Synestetisk design
september 6, 2010 Off

Innovativ og interaktiv musikkvideo frå Arcade Fire

By in Inspirasjon

Den 30 August lanserte rockebandet Arcade Fire, i samarbeid med Google og regissør Chris Milk, ein interaktiv video laga til låta «We Used to Wait.» Prosjektet er kalla «The Wilderness Downtown,» eit webprosjekt som nyttar Google Maps og Google Street View til å integrere bilete i frå heimstaden til folk inn i videoen.

«The Wilderness Downtown» er en interaktiv tolkning av Arcade Fire’s sang «We Used to Wait» og vart bygd utelukkande med nyaste åpne web-teknologiar, inkludert HTML5 video, lyd og lerret. »

Sjåaren startar opplevinga med å skrive inn heimstaden. Vidare dukkar nye vindauge opp med ulikt innhald, som tar sjåaren med på ein tur gjennom heimstaden i løpet av låta til Arcade Fire.

Sjåaren kan òg skrive og teikne ein beskjed i løpet av sangen som du etterpå kan sende vidare.

«The Wilderness Downtown» er laga av blant anna Chris Milk som tidlegare har jobba med The Johnny Cash Project, ein interaktiv video til låta Cash’s «Ain’t No Grave», som eg tidlegare har nevnt her på bloggen.

Prøv det sjøl: «The Wilderness Downtown»: http://www.thewildernessdowntown.com

Les meir om prosjektet: http://www.chromeexperiments.com/arcadefire

Det eg synes er interessant med dette prosjektet er at pushar musikkvideoformatet vidare. MTV er ikkje lengre den einaste staden der musikk vert akkompagnert med bilete. Fleire og fleire ser musikkvideo på nett, noko som opnar opp for nye element, som brukarinvolvering og interaksjon.

Det minnar meg litt om eit anna musikkvideoeksperiment som eg har tidlegare skrive om, nemleg Labuat, der du teiknar medan du høyrer på sangen «Soy tu Aire».

Eg kan tenke me får sjå fleire eksemplar på denne typen musikkvideo i framtida. Det er i det heile tatt interessant å sjå kva den nye plattformen (web) kan bli utnytta, meir enn å berre syne ein biletstraum.

Tags: , , , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3509