Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Musikkvideo: Collarbone » Synestetisk design
oktober 14, 2010 Off

Musikkvideo: Collarbone

By in Eksperiment

Dette er ein musikkvideo eg har laga for musikkartisten Bård Watn. Det var var eit forprosjekt til sjølve masterprosjektet. Eg stilte meg spørsmålet korleis eg kunne forsterke ei lydoppleving med visuelle bilete. Musikken i ein musikkvideo er utgangspunktet for å lage viselle bilete, i motsetning til filmmusikk, der bileta er utgangspunkt for å forsterke ei oppleving med å legge til musikk og lyd (Chion: Audio-Visual).

Musikkvideo

Bård Watn: Collarbone from visuello on Vimeo.

Prosess

Låta handlar om ulike kroppsdelar. Problemstillinga: korleis lage visuelle rytmar med dei ulike kroppsdelane i synkronisert med musikken.

Me brukte ein heil dag i eit fotostudio på Kunsthøgskulen i Ullevålsveien. Lyset eg brukte var det eg hadde tilgang på, ikkje beste sorten til video, men det gjekk. Filminga varte ca. frå 12-19.

På førehand hadde eg teikna eit storyboard som me gjekk ut i frå under filminga.

Etter sju intense timar i studio, sat me igjen med 63 gode filmklipp som seinare skulle klippast ned til 3 minutt.

Neste steg i prosessen var å eksperimentere med kva eg kunne gjera med råmaterialet. Dette biletet viser eit forsøk på å legge to ulike filmklipp oppå kvarandre.

Her er ei anna utprøving: den klassiske 4-delinga av ein skjerm. Grunnen til at eg ville dele det opp slik var fordi musikken er laga av 4 ulike lydar. Men eg forkasta til slutt denne ideen, då den er ganske mykje brukt, og ser litt amatørmessig ut.

Her er litt bilete i frå testing av eit filter kalla kaleidoskop. Denne effekten endte eg faktisk opp med å bruke, fordi det var med på å forsterke dei rytmiske pulseringane frå musikken.

Kva lærte eg?

  1. Musikkvideo er ein komplisert og tidkrevjande sak. Det ligg så ufatteleg mykje arbeid bak 3 minutt at eg ante ikkje kva eg gjekk til. Først skal det velgjast ein låt, så må ein analysere låta, vidare filme råmaterial og til slutt klippe til ein ferdig komposisjon. Det var det siste, altså klippinga, som tok mest tid i dette prosjektet. Om eg ville ha gjort det på nytt, ville eg ha planlagt betre, skyte betre råmaterial, vera flinkere med lip-sync, og for all del ha nøyaktig det same lydsporet på settet til playback som det lydsporet som skal brukast i musikkvideoen. Dette er veldig viktig for i det heile tatt treffe på lip-sync. Eg hadde masse trøbbel med dette, då me brukte eit anna lydspor under filminga. Lip-sync kan aldri bli bra på den måten. Hard, men viktig lærdom.
  2. Eg lærte meg masse klippteknisk. Dette er sånn ca. det andre videoprosjektet eg lagar, så det er nytt for meg å binde saman to ulike klipp. Dette er det uttallige måtar å gjera på, med og utan effektar. Det eg ser som funkar best er når ei kontinuerleg rørsle kan binde saman to ellers uavhengige klipp. Hjernen tolkar dette som ein jevn strøm, og det får ein betre flyt.
  3. Dette prosjektet førte meg vidare til sjølve kjernen av masterprosjektet: at visuelle bilete kan gi ei oppleving av lyd. Mår eg sat å klippa dei ulike videosekvensane måtte eg «høyre» på den visuelle informasjonen i biletstraumen for å vite kvar eg skulle klippe. Eg opplevde at rytmane i dei visuelle bileta måtte behandlast varsamt for å ikkje krangle med rytmane i låta. Dette fekk meg til å innsjå at ein faktisk kan høyre rørsle i ein biletstraum. Dette fenomenet vert kalla for «hearing motion» (å høyre rørsle), som er ein synestesiform (sanseblanding) som eg kjem til å forske vidare på i masterprosjektet mitt.

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525