Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Masterprosjektdefinering: Lyden av rørsle » Synestetisk design
oktober 16, 2010 2

Masterprosjektdefinering: Lyden av rørsle

By in Teori

Dette masterprosjektet handlar om sanseblanding, synestesi. Eg tek opp kva det går ut på, i håp om å forstå kva me kan lære av det og viktigare korleis me kan dra nytte av det i visuell kommunikasjon. Eg vil fokusere på den forma eg sjølv kan relatere mest til, nemleg «hearing motion», å høyre rørsle, som er ei (av mange) formar for synestesi.

DEL NO. I

What we have to learn to do, we learn by doing. (Aristotle)

1.1 Korleis visualisere musikk? (des. 2009)
1.2 Er det ein kopling mellom lyd og bilete (sept. 2009)
1.3 Er denne koplinga universell, kan alle oppleve dette? (okt. 2009)
1.4 Er denne koplinga eit naturfenomen? (des. 2009)
1.5 Korleis forsterke eit musikkuttrykk med video? (feb. 2010)
1.6 Researchportfolio (april. 2010)
– – – – – – – – –
1.6 Korleis formidle ei synestetisk lydopplevinga av rørsle? (okt. 2010) // Det kommande masterprosjektet.

1.1 Korleis visualisere musikk? (des. 2009)

Kva: Dette prosjektet handla om å kort presentere kva masterprosjektet mitt handla om.

Kva så? Det gav meg ei peikepinn på kva medie eg ynskjer å jobbe med, nemleg audiovisuell kommunikasjon.

1.2 Er det ein kopling mellom lyd og bilete (sept. 2009)

Kva? Dette prosjektet handla om å kople typografi og abstrakte formar opp mot musikkbegrep. Ein intuiv abstraksjonslek med form- og lydanalogiar.

Og så? Eg fann ut at eg såg mange naturlege likskapar mellom lyd og bilete. Neste spørsmål eg stillte meg var, kan alle oppleve dette?

1.3 Er denne koplinga universell, kan alle oppleve dette? (okt. 2009)

Kva? Dette prosjektet handla om å finne ut om me tolkar likt, og om det er noko me gjer universelt. Musikk- og designstudentane fikk høyre tre ulike lydspor med beskjeden om å teikne det dei høyrte.

Og så? Eg fann ut at det var mange likskapar i tolkningane til personane, til trass for at dei satt i ulike rom. Men kva fortel det? Me har jo vakse opp i same kultur, så kanskje det er tillært? Det førte meg vidare til spørsmålet om me kan finne naturskapte formar av lyd.

[nggallery id=11]

1.4 Er denne koplinga eit naturfenomen? (des. 2009)

Kva? Dette prosjektet handla om å finne ut om me kan finne naturskapte lydformar, såkalla kymatikk, læra om korleis lydvibrasjon kan fastsetja ei form i enten partiklar eller væske. Eg balnda akrylmåling og plassert det på høgtalar og av fotograferte forma som vart skapt av vibrasjon frå høgtalaren.

Og så? Væska rører på seg naturleg nok når lyden vibrer. Kan rørsle vera ein fellesnemnar for lyd og bilete?

Bård Watn: Collarbone from visuello on Vimeo.

1.5 Korleis forsterke eit musikkuttrykk med video? (feb. 2010)

Kva? Dette prosjektet handla om å lage video med opphav i eit musikkstykke. Musikken er grunnlaget og handlar om ulike kroppsdelar. Problemstilling: korleis lage visuelle rytmar med dei ulike kroppsdelane synkronisert med musikken?

Og så? Musikkvideo er ein komplisert og tidkrevjande sak. Eg lærte korleis rørsle kunne binde saman to ulike klipp, og korleis eg kan påvirke opplevinga av musikken ved bruk av bestemte biletsekvensar. Eg opplevde at rytmane i visuelle bilete må behandlast varsamt for å ikkje krangle med rytmane i låta. Dette fekk meg til å innsjå at ein kan fakisk høyre rørsle i bilete. Noko som vert kalla for «hearing motion», ein synestesiform eg vil forske på vidare i masterprosjektet mitt.

1.6 Researchportfolio (april. 2010)

Kva? Dette prosjektet handla om å samle essensen av det eg hadde lest og det eg hadde gjort i ei mappe.

Og så? Det ga grunnlaget for masterprosjektoppgåva mi. Stikkorda for interessepunktet for denne samlinga er «Å høyre bilete og sjå lyden», som eg seinare snevra inn til å handle om det å formidle ein synestetisk lyd.

DEL NO. II

Information+experience=knowledge

Sjå=høyre?
Verda=objektiv?
1+1=gult?
Form=lyd?
Lydvisualisering=forståing?
1+1=3?
Individuell oppleving=objektivt reelt?
Design=oppleving?
Spørsmål=svar?
Kjelder

SJÅ=HØYRE?

Kan ein høyre rørsle, jamvel om rørsla ikkje har ein høyrbar lyd? Kan alle oppleve dette fenomenet til ein viss grad, eller gjeld dette berre nokre få menneske?

Nokre menneske opplever dagleg at elles ikkje-høyrbare objekt, lagar lyd med ein gong rørsle er involvert. Lydopplevinga skjer spontant og konsekvent, og føl ein gjennom heile livet. Denne gruppa av menneske vert kalla for synestetikarar. Synestesi er eit nevrologisk fenomen som gjer at eitt inntrykk kan føre til to eller fleire opplevingar. Desse opplevingane er reelle, akkurat som f.eks. opplevinga av fargen raud er reell for eit «vanleg» menneske. Men opplevinga er høgst subjektiv, som alle andre opplevingar er.

Hearing motion, å høyre rørsle, er ei form for synestesi som nyleg vart oppdaga. To nevrologar Melissa Saenz and Christof Koch ved California Institute of Technology, stadfesta dette fenomenet i 2008.[1] Dei laga ein test med formål om å gi synestetikarane ein fordel. Om denne fordelen gav eit tydeleg og målbart utslag, ville ein kunne konkludere med at denne forma for synestesi er reell. Forskarane synte hundre par med rytmiske parsignal til fire sjølvutnevnte synestetikarar og ti ikkje-synestetikarar. Desse pardanna signalar som likna på morsekode vart synt både som aurale pip og visuelle blink på. Deltakarane skulle seie om signala var like eller forskjellige. Begge gruppene av menneske hadde riktig 85% av tida på det aurale mønsteret. Her var det altså ingen skilnad på gruppene. Medan når signala vert synt som visuelle blink, vart straks resultatet annleis. Her sank prestasjonsevna til ikkje-synestetikarar til rundt sjansenivået 50%, eit resultat som stemmer godt overeins med tidlegare forskning – at dei fleste menneske er betre å til å vurdere eit auralt mønster enn eit visuelt mønster. Medan synestetikarane, som hevdar at dei høyrer lyd når dei ser det visuelle signal, klarte å skille mellom like og ulike sekvensar 75% av tida.

Korleis kunne synestetikarane utklassere ikkje-synestetikarane i ein slik test? Den naturlege forklaringa ligg i at ikkje berre ser dei blinket, men dei høyrer det òg. Det visuelle synsinntrykket vert spontant oppfatta som ei lydoppfatting. Denne doble opplevinga gjer det lettare for dei å identifisere signalsekvensane.

Denne testen demonstrerar nettopp at nokre menneske faktisk høyre det dei ser. EIt anna ekspempel som demonstrerar dette, er ei historie synestetikar Line Salvesen fortalde meg. Line Salvesen er ei som kan høyre rørsle som eg har blitt kjent med fordi me begge var deltakarar i ein synestesiundersøking på Blindern. Ho fortalde meg at ein gong når ho sat på bussen og såg på ein fontene gjennom vindauga, stussa ho på korleis ho kunne høyre lyden i frå fontena, trass i at ho sat inne i bussen. Ho lukka igjen auga, og lyden forsvann. Den synestetiske lyden i dette tilfellet var så lik den faktiske fontenelyden at sansane hennar spelte ho eit puss. Ho høyrte det ho såg, men når ho ikkje såg på det lengre, høyrte ho heller ingenting.

VERDA=OBJEKTIV?

Persepsjon er korleis du oppfattar og tolkar verda gjennom dei fem sansane, syn, lukt, hørsel, smak og berøring. Desse fem sansane er som ei bru til den fysiske verda. Dei er eit verktøy for å kunne orientere oss rundt om i verda og har spela ei stor rolle for vår evne til å overleve. Men sansane våras har begrensningar for kva me kan ta inn som signal. Auga kan berre oppfatte lys i bestemte frekvensar, det same gjeld øyra i forhold til lydsvingingar. Sansane er høgst forskjelleg utvikla frå person til person, og forandrar seg gjennom heile livet. Om ein manglar ein sans, kompenserar ein med å utvikle ein annan sans desto meir. Dei fem sansane er utgangspunktet, korleis ein nyttar dei er altså høgst individuelt.

Sansane våre er ganske så effektive, dei fangar opp det meste av signalar som dei vert eksponerte for. Faktisk er problemet heller andre vegen, hjernen kan av og til få for masse informasjon å prosessere. Me er derfor nødt til å velge ut kva informasjon me ser på som viktig og kva informasjon me ser på som mindre viktig. Dette fordi medvita vår har ein avgrensa kapasitet. Dei signala me ser på som mindre viktige vert difor plassert i den umedvitne delen av sjelelivet vårt. Men der vert dei ikkje gøymt, dei vert berre lagra der inntil vidare og er likevel med på å påvirke vår medvitne oppfatting. Kva hjernen skil ut som viktig og ikkje avheng av mange faktorar ut i frå arv og miljø. Vår bakgrunn har mykje å seia kva me synest er relevante og ikkje. Sidan bakgrunnen vår er høgst individuell vert då kva me ser på som viktig og individuelt.

Konteksten har og mykje å seia for vår oppfatting. Me er eit tolkande vesen av natur. Alt me vert eksponert for, vert tolka ut i frå situasjonen det vert presentert i. Me tolkar f.eks. ein bestemt type lyd annleis om lyden vert presentert i lag med eit bilete. Nettopp kva typen bilete lyden vert presentert i lag med, kan vere med på å styre oppfattinga av nyansar av lyden, sjølv om lyden er den same.

Dette syner at vår persepsjon, vår oppleving av verda, er høgst individuelt, sjølv om me lever i ei og same verd. Røynda er subjektiv, og det du vel å rette fokus på er verkeleg – for deg.[2]

1+1=GULT?

Synestesi (av gr. syn-, ‘sam-’, og aesthesis, ‘sansing’) er fagtermen for samanblanding av ulike sanseinntrykk i hjernen. Somme menneske kan til dømes høyra fargar, sjå lydar og stikka seg på smakar. Ei relativt utbreidd form for synestesi er å alltid sjå visse bokstavar og tal i faste fargar (estimert til 66.5% av synestesitilfella) (Heyrman, 2005). Studiar visar at omkring 0.05%–4% av befolkninga har synestesi3. Fenomenet opptrer tilsynelatande hyppigare hos kvinner (estimert til 1:1.1 til 1:6), og åtte gongar hyppigare hos kreative menneske.[4]

Synestesi vart først skildra av Francis Galton, søksenbarnet til Charles Darwin på 1800-talet. Han fann ut av visse menneske i ei befolkning, og som elles var normale, knytta tal, bokstavar eller musikktonar til farge.

Ramachandran hevdar at om ein tenker over kva kunstnarar, forfattarar, og poetar har til felles, så er det nettopp evna til å engasjere seg i metaforisk tenkning mellom tilsynelatande urelaterte idear. Han gir eksempel på at nokon med synestesi kan seia, «Juliet er sola.» Til samanlikning ville vanlege folk truleg seia, «Ho er varm som sola,» eller «Ho er strålande som sola». Skilnaden er at ikkje-synestetarar assosierar, medan synestetikarar faktisk opplevar. Poenget til Ramachandran er at synestetikarar er disponert for metaforisk tenkning i større grad fordi dei har ein meir samanvevd hjerne. Korleis hjernen til synestetikarane skil seg frå ein «normal» hjerne kan målast på hjerneaktiviteten. To områder av hjernen, f.eks. behandling av farge og tal, som normalt ikkje har tilknytning til kvarandre vil vera samanvevd hos synestetikar med fargesynestesi. Dette kan i nokre tilfelle vera så samanvevd, at om du spør ein synestetikar kva 1+1 er, så kan han/ho svare gult.

FORM=LYD?

Ramachandran hevdar at me alle er synestikarar til ein viss grad. 98% av folk klarar å skilje mellom dei to abstrakte formane kiki og buba. Instiktivt knyttar med form opp mot lyd. Me er enige om at den «skarpe» forma er kiki og den «runde» forma er buba. Så korleis kan dette ha seg?

Svaret er at me alle gjør en kryssliknande synestesiabstraksjon. Den skarpe og kontante lyden «Kiki» vert tolka av vårt auditive senter. Det vert vidare kopla opp mot den taggete forma som det visuelle området av hjernen behandlar. Det syner at hjernen vår er i stand til å sjå ein abstrakt fellesnemnar ut i frå to ulike informasjonskjelder, biletet og lyden. Ramachandran og Hubbard hevdar at synestesi har spela ei rolle i utviklinga av språket vårt, fordi dette tydar på at namngjeving av objekta ikkje er vilkårleg.5

Grunnen til at Buba er den avrunda formen er kanskje fordi munnen vår krev ein meir avrunda form for å produsere lyden, medan ein meir stram og kantete munn krevst for å lage lyden «Kiki». Lyden av Kiki er hardare og meir kontant enn ein Buba. Til og med om me ser på bokstavforma K i forhold til bokstavforma B syner dette hardt og kantete versus bua, mjukt. Dette kan syne grunnlaget for lydsymbolisme, der lyden ikkje er tilfeldig kopla opp mot objekt og hendingar me finn i verda, som igjen indikerar at det er i aller høgste grad ein samanheng mellom form og lyd.

LYDVISUALISERING=FORSTÅING?

Om ein snur på flisa, og spør om lyd kan opptre som form, kjem me innom naturfenomenet Kymatikk. Kymatikk (fornorska frå engelsk (cymatics), via gresk for bølge, er studiet av synleg lyd og vibrasjon på overflata av ei plate eller ein membran. Det er ein direkte visualisering av vibrasjonar der ein nyttar lyd til å skape ulike mønster som gjer seg synlege i foreksempel sandpartiklar eller væske.[6]

Evan Grant er ein av dei ledande forskarane innan kymatikk i dag. Han jobbar med å gjera lyd synleg gjennom kymatikk. Han er interessert i dette naturfenomenet og om det latente potensialet i det me ser og høyrer rundt oss i verda. Han ynskjer å synleggjera denne skjulte informasjonen med arbeidet sitt.

Om me tar eit histrosik blikk på kymatikk, starta det med obersvasjonar i renessansetida av DaVince, Galileo og den engelske forskaren Robert Hook. Ernst Chladni tok forskinga vidare med følgjande eksperiement: å spre sand utover ei metallplate, for så å sette metallplata i vibrasjon ved å stryke på metallkanten med ei fiolinboge. Det han erfarte var at det danna seg ulike mønster ut i frå ulike tonehøgder. Jo lysare tone, jo meir intrikate mønster.

Neste forskar som tok opp tråden var Hans Jenny i 1970-åra. Han namnga dette naturfenomenet kymatikk. I dag har me ulike apparat for å synleggjere vibrasjon frå lyd. F.eks. har me eit apparat kalla cymascope. Via dette apparatet kan ein visualisere f.eks. lydane delfinane kommunisere med, altså eit delfinalfabet. Synleggjering av dette alfabet kan hjelpa oss å forstå korleis dei kommuniserar.

Dette syner at lyd kan ha form, og at denne forma skapa av lyd kan gi oss ei ny forståing.

1+1=3?

Kiki/buba-effekten har opphav i frå eit eksperiment av Köhler i 1927 innan området gestaltpsykologi. Gestaltpsykolgien er ei retning i psykolologi som særskild handlar om mennesket og vår oppfatting av verda. Det starta med studiar av persepsjon men utvikla seg til å handle om mennesket sine indre tankar og kjenslar. Gestaltpsykologien vart grunnlagt i 1912 av tyskaren Max Wertheimer (1880-1943).7

Det tyske ordet «gestalt» kan oversetjast til «utsjånad, form, heilskap, eller den meiningsfulle heilskapen. Retninga tar utgangspunkt i at me som menneske tolkar ein straum av enkeltsignal som eit mønster. For eksempel er film i praktisk tala berre ein straum av statiske enkeltbilete, men me opplev dette som ein samanhengjande dynamisk straum av «levande» bilete.

Når me mottar desse enkeltdelane vil hjernen vår straks leite etter eit mønster som kan gi ei større meining for oss. Dette vert kalla for mønsterattkjenning. Før me klarar å identifisere enkeltdelane som ein større heilskap vert enkeltdelane opplevd som kaotiske. Men straks me finn den overordna heilskapen får enkeltdelane ei heilt anna tyding. Heilskapen vert meir enn summen av delane.

Mange av mønstra er nedarva frå generasjon til generasjon. Dette gjeld f.es. ansiktsattkjenning. Me identifiserer lett forma på eit ansikt, sidan det har hatt ei viktig rolle for overlevinga. Eit eksempel på det er dette enkle symbolet samansatt av eit kolon og ein parantes som me oppfattar umiddelbart som eit ansikt :)

Kva med rørsleattkjenning? Rørsleattkjenning har utan tvil spela ei stor rolle for vår evne til å overleve. Ein gong i tida måtte me faktisk jakte på maten vår. Me er trent i å sjå og tolke rørsle. Personar med hearing motion ser ikkje berre rørsla, dei høyrer han òg. Kan det gjere at ein kan reagere raskare med ein dobbeloppfatting, ein dobbelqualia? Forskarar meinar f.eks. at Einstein hadde ein form for synestesi som gjorde at han relaterte tall og komplekse matematiske problem til visuelle, kognitive bilete. Dette hjalp han til å «sjå» mønster i ein kompleks informasjonsstraum.[8]

INDIVIDUELL OPPLEVING=OBJEKTIVT REELT?

Qualia (av latin, tydar «kva slags») er fleirtall for ein quale, og vart introdusert av den amerikanske filosofen C.I. Lewis i 1929. Ein quale er enkelt forklart koreis det føles å ha ei oppleving.9

Lyd kan reint fysisk skildrast som bølgjer, men opplevingar av sjølve stimulien som me kallar for lyd er ein quale. På same måte kan me skildra lys som elektromagnetisk stråling som treff netthinna og vert omdanna til impulsar som hjernen tolkar som f.eks. fargen raud. Men sjølve opplevinga av fargen raud er ein quale.

Eit anna eksempel på qualia er opplevinga av hovudpine eller smaken av raudvin. Daniel Dennett skriv at qualia er «an unfamiliar term for something that could not be more familiar to each of us: the ways things seem to us.»10

Det er vanskelig å nekte for at me har opplevingar, men likevel er det ein heftig debatt om kva naturen til qualia eigentleg er innan erkjenningsfilosofien. Eksisterar det uavhengig av det fysiske?

DESIGN=OPPLEVING?

Eg har trua på at god design kan gi ein umiddelbar oppleving for sjåaren utan å måtte analyserast – at informasjon er gjort tilgjengeleg ikkje berre for fornuft men og for kjensle. For meg handlar det om å formidle ei opppleving, og korleis ei oppleving kan gi ei forståing. Nettopp derfor meinar eg at design kan vera

eit bindeledd mellom forskning og publikum. Forskarar forstår seg på å forske. Designarar forstår seg på å formidle. Publikum på den andre sidan forstår seg på å oppleve.

SYNESTETIKARENS ABSTRAKTE UNIVERS=VÅRT UOPPDAGA UNIVERSELLE SPRÅK?

Synestetikarar koplar naturleg det konkrete og fysiske inntrykket som vert sendt frå omverda til ei autentisk og abstrakt oppleving. Lyd, form og smak vert opplevd i eit eige abstrakt univers. Er dette universet det grunnleggjande som bur alle oss menneske? Er det eit språk me alle forstår intuitivt? Er det dette språket designarar intuitivt nyttar når ein skal velge farge og form til eit bodskap? Kva skil den synestetiske abstraksjonen frå designaren sin abstraksjon? Er det to sider av same sak, eller strebar designaren etter å finne det universelle metaforiske språket, som kanskje synestetikaren opplevar til dagleg?

Her vil eg igjen trekke fram ei historie Line Salvesen fortalde meg. Ho fortalde meg at det å sjå ein musikkvideo kunne vera ein svært så ubehageleg oppleving. For ho resulterar nærsast eit kvart visuelt signal til ei lydoppleving. Kvar gong ein skiftar ein sekvens, zoomer inn og zoomer ut, har lys som blinkar eller personar som rører på seg, opplever ho lyd. Og den lyden kan vera så sterk at den overdøyver den faktiske lyden i frå musikkvideoen. Ubehaget inntreff når dei visuelle signala ikkje er synkronisert med dei aurale signala. Er ho nærast ein ekspert å rekne når ho kan sjå og høyre dette? Kan ho gi eit svar på korleis me kan lage meir «riktig» visuell kommunikasjon? Er det i det heile tatt noko som er riktig og noko som er galt? Eller er det berre snakk om smak og behag? Kva er skilnaden mellom våre metaforar og analogiar i forhold til synestetikarens oppleving?

SPØRSMÅL=SVAR?

Nå har eg skrive om kva eg har lest og kva eg har gjort. Kvar går vegen vidare, og kva er masterprosjektet mitt?

Masterprosjektet mitt er å forske på kva lydopplevingar synestetikarar opplevar når han/ho vert eksponert for ei visuell rørsle. Vidare ynskjer eg å kunne formidle ei forståing av dette som kan både opplevast og forståast av både deg og meg. Planen er å ha ein lang og god prosess med teoretisk og praktisk research som kan strekke prosjektet mitt lengre. Ein prosess som går ut på å prøve ut ein idé og reflektere over kva som gjekk bra eller dårleg, og prøve å gjera det endå betre. Altså, ein evig runddans med forbetring av feil. Dette seier noko om at den beste måten å lære på, er å gjera feil og å lære av dei.

Å fortelle deg kva og korleis prosjektet mitt vil ta form vil vera det same som å ignorere førebels utenkte løysningar som kan komme som eit resultat av denne prosessen. Eg kan planlegge ein prosess, men ikkje eit resultat. Viss eg allereie veit kva eg skal gjera, kva er då vitsen med å å gjera det?

Det underliggjande målet mitt med dette masterprosjektet er ikkje nødvendigvis å utvikle evna til å finne eit svar på spørsmåla eg stillar meg, men nettopp å stille betre spørsmål. Fordi eit spørsmål opnar opp ei dør for ei vidare forståing. Medan eit svar set ein stoppar og lukkar døra att. Eg vil opne flest moglege dører for både masterprosjektet og meg sjølv i løpet av det kommande året.

KJELDER

1. Saenz, M. & Koch, C. (2008). The sound of change: visually-induced auditory synesthesia. Current Biology 18, R650-R651

2. Gross, Richard, «Psychology – The science of Mind and Behaviour», Hodder Education 2010

3. Daniels, Naumann et. al, «Audiovisuology Compendium – See this Sound», Verlag der Buchhandlung Walther König, Köln 2010, s. 415

4. Ramachandran VS and Hubbard EM (2001). «Synaesthesia: A window into perception, thought and language.» Journal of Consciousness Studies 8 (12): 3–34.

5. Ramachandran VS and Hubbard EM (2001). «Synaesthesia: A window into perception, thought and language.» Journal of Consciousness Studies 8 (12): 3–34.

6. Jenny, Hans (Juli 2001). Cymatics: A Study of Wave Phenomena & Vibration (3rd ed.). Macromedia Press.

7. http://en.wikipedia.org/wiki/Gestalt_psychology 8 Cytowic, Richard E. (2003). The Man Who Tasted Shapes. Cambridge, Massachusetts: MIT Press.

8. Cytowic, Richard E. (2003). The Man Who Tasted Shapes. Cambridge, Massachusetts: MIT Press.

9. http://en.wikipedia.org/wiki/Qualia 10 Dennett, D. Quining Qualia, http://ase.tufts.edu/cogstud/papers/quinqual.htm

Tags: , ,

2 Responses to “Masterprosjektdefinering: Lyden av rørsle”

  1. Glynda seier:

    Hey! Is it alright if I go a bit off topic? I am trying to read your domain on my Blackberry but it doesn’t display properly, do you have any suggestions? Thank you for the help I hope! Glynda

  2. Oda seier:

    Sorry, I don’t know anything about Blackburry. But this is a standard wordpress blog, so it shouldn’t be a problem?


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525