Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Foredrag om synestesi av Bruno Laeng » Synestetisk design
oktober 27, 2010 Off

Foredrag om synestesi av Bruno Laeng

By in Teori

Eg var nyleg på eit foredrag om synestesi av Bruno Laeng, ein professor på Universitetet i Blindern. Foredraget var arrangert av Norsk komponist forening og NOPA, og Bruno snakka om synestesi i lys av musikk og komponering.

I fire veker har eg lese om synestesi og design og tenkt på korleis eg skal vinkle masterprosjektet mitt inn på dette området. Det var godt å innsjå at eg faktisk har lert ein heil del på eiga hand om dette fenomenet. Bruno tilførte ein del nye historiar og tankar rundt dette temaet, her er det kort oppsummert.

1. Me er alle er født med synestesi

Denne påstanden kjem frå ei undersøking der born på tre månader vart eksponert for ein stigande ball med 1) ein fallande lyd og 2) ein stigande lyd. Spedborna foretrakk tydeleg der lyden og biletet samsvarte.

Denne undersøkinga fortel oss at me alle er født med utenkelege mange koblingar i hjernen. Faktisk er utviklinga etter fødsel ein redaksjon av antall koblingar. Kombinasjonen av arv og miljø fortel kva koblingar som skal vera igjen og kva koblingar som skal brytas ned. Synestetikarar oppebevarar fleire av desse koplingane, medan det normale er at dei vert brutt ned. F.eks. det at ein ser ein bestemt farge når ein høyrer ein bestemt tone.
Mitt spørsmål er kvifor det er slik? Er det på nokon måte ein evolusjonsmessig fordel å ivareta desse koplingane, eller er det mest nyttig å bryte dei ned? Og kvifor gjeld dette berre visse personar? Og kan effektiv påverknad frå 0-1 år påvirke evna til å behalde desse uvanlege koplingane. Altså kan arv styre meir enn gen.

2. Forhistoria til synestesi

2.1 Aristoteles

I vår daglegtale nyttar me metaforar som kan minne om det synestetiske språket. Som f.eks. skarp ost, eller ein fyldig smak på raudvinen. Desse relasjonane vart diskutert allereie for meir enn 2000 år sidan av dei greske filsofane. Blant anna Aristoteles, som skreiv:

«Slik som smaken oppfatter det søte, oppfatter synet det hvite, og slikt som de siste nevnte oppfatter det sorte, vil det første nevnte oppfatte det bitre».

Dette er eit tidleg eksempel på ein smak-syn-analogi, å samalikne

2.2 Psykologien

Me skil alle mellom kalde og varme fargar, fargane i seg sjølv er verken kalde eller varme. Men me plasserar dei i system ut i frå assosiasjonar. Og det er eit faktum ar me alle koplar lett lyse tonar til lyse fargar og motsatt, mørke tonar til mørke fargar.

2.3 Baudelaire (1821-1867)

Baudelaire skreiv:

«Det som virkelig ville overraske ville være å finne at lyd ikke kunne antyde farge og at farge ikke kunne framkalle ideen om en melodi…ting har alltid funnet sitt uttrykk gjennom et system karakterisert ved gjensidig analogi».

Uten denne evna, det å forstå metaforer, symboler og analogier, ville me ikkje vera i stand til å lage og forstå kunst. Kunst er basert på denne evna.

2.4 Isaac Newton (1643-1727)

Newton hevda at det var noko som likna mellom tonehøgd og fargevalør. Han laga eit system basert på ein sirkel, der tone og farge vart plassert inn i eit system. Newton foreslo at det er høg korrespondanse mellom tone og farge.

2.5 Alexander Scriabin (1872-1915)

Ein av dei meir kjente komponistane som hevda at han hadde synestesi. Han laga verk der eit «fargeorgel» vart teken i bruk. For han hadde kvar tangent på pianoet kvar sin farge. Men om han faktisk hadde synestesi, er omdisuktert. Men han laga i allefall kunst som kunne oppfattast som kunne gi ei synestetisk oppleving, sjølv om han sjølv ikkje hadde synestesi. Noko Wagner med sitt gesamtkunstwerk var seinare inne på.

2.6 Samtida

Samtidsmusikk er faktisk laga for å gi ein synestetisk oppleving. Rockekonserten bombanderar oss med både lydinntrykk og synsinntrykk (lysshow&sceneshow), som kan gi ein synestetisk oppleving.

2.6.1 Olivier Messiaen

Det er berre nokre få personar som har fullt utvikla synestesi, som opplev f.eks. musikk som farge. Komponisten Olivier Messiaen ver ein slik person.

2.6.2 Jimi Hendrix – Purple Haze (1969)

Jimi Hendrix kall akkorden E7#9 som «den fiolette akkorden», og brukte den for å skape låta «Purple Haze». Men det er ein debatt om det er dette som er bakgrunnen, då ein LSD-type har og samme namn.

3. Stroop-effekten

Stroop-effekten vert nytta til å teste synestetikarar. Stroop-effekten går ut på at om ein nyttar to signal som samsvarar nyttar ein kortare tid til å svare, enn om dei to signala ikkje samsvarar. F.eks. tar det lengre tid å oppfatte ordet RAUDT når det står i «feil farge». Medan det tar kortare tid å oppfatte det når signala samsvarar:  RAUDT.

Jo meir konflikt, jo meir hjerneaktivitet, og denne hjerneaktiviteten kan målast. Ergo, synestesi kan dokumenterast ved hjelp av hjernescanning.

Eg har lese om denne effekten før, men visste ikkje at han vart kalla «stroop-effekten».

4. What do you care about what other people think?

Richard Feyman skreiv ei sjølvbiografisk bok med denne tittelen. Der han skreiv:

When I see equations, I see letters in colors, – I don’t know why… And I wonder what the hell it must look like to the student.

Det interessante her er ordbruken. Han seier at han SER det, ikkje at han TENKER på farger, eller eg SYNEST at den og den fargen passer. Han skildrar ein sensorisk oppleving, det å sjå, til skilnad frå det å assosiere, det å finne korrespondansar mellom ting, men å faktisk oppleve det.

Det fører meg til spørsmålet: Kva er skilnaden mellom det å oppleve og det å analysere korrespondansen mellom ulike signal?

5. Synestetisk persepsjon

Bruno Laeng avslutta foredraget med eit sitat frå den franske filosofen Merleau-Ponty:

Synestetisk persepsjon er regelen, og vi er det ubevisst bare fordi vitenskapeleg kunnskap endrar erfaringa sitt gravitasjonssenter, slik at  me har avlert korleis å sjå, høyre, og generelt sagt føle.

– – – –

Takk for foredraget! Nå har eg fått endå meir å tenke på.

(Alle bileta er henta i frå foredraget).

Tags: ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510