Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Workshop med NODE » Synestetisk design
november 3, 2010 1

Workshop med NODE

By in Eksperiment

Mandag og tirsdag denne veka hadde me workshop med Anders og Serge i NODE, veldig dyktige folk som har studio i Berlin/Oslo.

Dag 1: Composing with letters

Den første dagen fekk me utlevert ein brief basert på masterprosjektdefinisjonen. Oppgåva mi var å lage ein plakat i svart/kvitt som skulle presentere musikar/komponist Delia Derbyshire. Einaste dataprogram som var tillatt å bruke var «Text edit».

Før lunsj leste eg om Delia (veldig fascinerande dame og musikk!) og skisserte ut nokre idear. Etter lunsj var det å lage sjølve plakaten som skulle vera ferdig til kl. 10.00 neste dag.

Delia var ei ganske så smart dame, med utdanning i matte og musikk. I eit intervju i Surface Magazine i 2000, sa ho følgjande:

People think that composers sit there with their pen over the manuscript paper, and God sends his inspiration down the top of the pen onto the paper. Well, in some cases it seems perhaps they did; perhaps Mozart. But in other cases one has to impose a discipline.

På ein måte så gjorde eg nettopp det. Eg disiplinerte utsagnet på ein slik måte at det vart noko visuelt og eksperimentelt. Tanken bak komponeringa av bokstavane er at dei er plotta inn i notesystmenet. Alle bokstavane frå A til G refererar til ein musikktone som har fått høgda si etter kvar den vert plassert i eit notesystem. Slik at det visuelle signalet kan og oppfattast som musikk, noko som reflekterar masterprosjektoppgåva mi – korleis eit signal kan verta oppfatta som to sjølvstendige signal.

Utsnitt av plakaten. Bokstavane A til G er plassert i forhold til tonehøgda. Utsagnet til Delia kan då bli oppfatta som både noko visuelt og auditivt.

Det positive med denne løysninga er at det er ein direkte bilde-lyd link, som fungerar som begge delar. Det er eit system bak det, det er ikkje synsing som det er lett å falle tilbake på når ein jobbar med bilde- og lyd-korrelasjonar. Mange av prosjekta mine i fjor var nettopp det: synsing, der du ilegger meining. Men eg håpar at masterprosjektet mitt i år vil vera meir av denne sorten, eit system som kan fortelle oss noko meir.

Det negative med plakaten er at den kan strammast litt opp visuelt. Bytte til ei litt meir markant og tjukkare font, samt ha betre papir.

Dag 2: (silent)motion

Dag to var oppgåva å lage ein animasjon med to stillbilete som skulle referere til prosjektet våras på ein eller annan måte.
Eg fotograferte to personar, den eine sa ordet «BA» og den andre personen blinka med augo. Det interssante her er å sjå kva lydar me kan «lese» ut av bileta, og korleis det er ein samanheng mellom kroppsleg rørsle og førestillinga av lyd.

Dette prosjektet refererar til McGurk effeten – fenomenet at me tolkar inntrykk annleis i forhold til om bilete vert presentert åleine i forhold til i lag med lyd.

Alt i alt to intense dagar som eg fekk veldig mykje ut av. Eg er særleg fornøyd med system-løysninga i plakaten, at noko «tilfeldig» kan ha eit sterkt uttrykk berre ein set stramme linjer. Det er noko eg vil ta med meg vidare.

Tags: ,

One Response to “Workshop med NODE”

  1. […] nyttige innspel. Eg viste han ein del av mine små eksperiment, som videomusic, audio:vision og plakaten eg laga i NODE workshoppen. Han kunne relatere desse prosjekta til kva som har blitt gjort før meg […]


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510