Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Bilete frå Work in Progress Show » Synestetisk design
november 22, 2010 1

Bilete frå Work in Progress Show

By in Khio

Forrige veke arrangerte klassa mi ei utstilling på KHiO kalla Work in Progress Show. Hensikten med denn utstillinga var å komme i gang med å produsere på eit tidleg stadium. Utstillinga skulle dermed vera ein pådrivar for det visuelle arbeidet. Noko som tildels fungerte, for min del. Eg fekk testa ut korleis eg kunne vise audiovisuelt material med monome, ein miditriggar som gjer at folk sjølv kan få trykke og dermermed bestemme kva dei vil sjå. Dette fungerte bra, folk skjønte at dei kunne trykke, og dei syntes det var moro. Så det vart vellykka. Men likevel sit eg igjen med ein bismak. Dette trur eg grunnast med:

  1. Design på utstilling.
    Folk på utstilling er svært rastlause, dei er i grunnen meir interesserte i å snakke med kjente folk enn å sjå plakatar o.l. på veggen. Ein skal vera ganske flink med å tilgjengeleggjera materialet for at det skal vera interessant i ein utstillingssamanheng.
  2. (Mangel på) Respons.
    I konsertsamanheng er eg van med å få ein spontan tilbakemelding i form av applaus etter endt opptreden. På ein utstilling kan du observere og spørre, men den umiddelbare responsen føles ikkje like sterk.

Men uansett vart me ein erfaring rikare i forhold til det å stille ut design, og håpar at me kan dra nytte av det til avgangsutstillinga til neste år!

Bilete i frå standen min, eit bord med monome stilt ut, slik at folk kunne trykke seg gjennom min visuelle research.

Monomen er kopla opp mot prosjektor til vegg.

Både rom/interiør, klesdesign og visuell kommuniksjon stilte ut.

Den romlege størrelsen til verdas minste største og minste mann (satt i perspektiv av Nina.)

Plakt på vegg (og gulv).

Plakater + div.

Identitet.

Druekasting.

Visittkort som er kopla saman.

Modell av bygg.

Bordet med monome og prosjektskildring.

Nærbilete av monome.

Prosjektskildring.

Ca. 50-70 tok turen på opninga. Det kunne vært fleire, og utstillinga vart lengre, men alt i alt kan me seia oss nøgde med det.

Tags: , , , , , ,

One Response to “Bilete frå Work in Progress Show”

  1. […] mitt som Lyden av rørsle: synestesi og visuell kommunikasjon. Dei neste seks vekene jobba me med work in progress show og korleis me kan illustrere ideane våras […]


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510