Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Metafor vs. synestesi » Synestetisk design
november 24, 2010 Off

Metafor vs. synestesi

By in Teori

I vår daglegtale nyttar me kryss-sensoriske metaforar som «sur vind», «stikkande latter» og «skarp ost». Desse kan minne om synestetiske opplevingar eller skildringar. Men ekte, nevrologisk synestesi skjer automatisk og ufrivillig. F.eks. vil bokstaven A for nokon opplevast som raud. Den vil då alltid opplevast raud gjennom heile livet, utan at ein må tenke over kva farge ein tenker at det er, det bare ER raud.

Studier syner at så mange som 1 av 23 opplever ein eller annan form for synestesi. Det er rapport inn 60 forskjellige typar, men det er få av dei som er dokumentert (wikipedia).

Mange menneske med synestesi nyttar det i sin kreative prosess, f.eks. komponistar som Franz Liszt og Kadinsky. Og mange ikkje-synestetikarar forsøker å skape kunstverk som kan fange opp korleis det opplevest å ha synestesi.

Psykologar og nevrologar forskar ikkje berre på synestesi for å kartleggje fenomenet i seg sjølv, men dei trur at vidare studiar kan gi innsikt i kognitive og perseptuelle prosessar som skjer hos både synestetikarar og ikkje-synestetikarar.

Og då er me litt inne på det eg fekk tilbakmelding om i går, når me diskuterte om KVIFOR eg skulle fordjupe meg i akkurat dette temaet, kanskje synestei kan fortelle oss noko grunnleggjande kunnskap som kan overførast til andre områder. Det handlar ikkje om ein har synestesi eller ikkje, men meir om fenomet «krysskopling», og kva me kan lera av det.

Det var dagens ostebit.

Tags: ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510