Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Guardian skriv om synestesi » Synestetisk design
november 25, 2010 Off

Guardian skriv om synestesi

By in Teori

Foto: Yale Joel/Time & Life/Getty frå Guardian.co.uk.

Vart nyleg tipsa av Maziar om eit innlegg om synestesi i Guardian.

Dei omtalar synestesi som ein harmlaus nevrologisk tilstand, der aktivitet i ein sensorisk modalitet, som syn eller hørsel, framkallar automatisk og ufrivillege perseptuelle opplevingar i ein annan sans, som kan skyldast ei auke i krysskoplingar mellom dei sensoriske banane i hjernen.

David Eaglemen, ein av forskarane, seiar at det er generelt einsemd om at aktivitet i eit sensorisk område «A» vil aktivere eit område «B» hos synestetikarar, men ein veit ikkje om det skuldast skilnad i koplingane eller i den kjemiske cocktailen.

For fleire år sidan satte Eagleman og kollegane hans opp ei nettside, som inneheld eit batteri av testar for å verifisere objektive synestesiske opplevingar, og til nå har 9000 synestetikarar registrert seg på denne nettstaden.

Synestetikarar kan grovt delast inn i to gruppar. «Prosjektør» synestetikar opplevar desse kryssaktiviserte oppfatningane i den ytre verda, medan «assosiatør» synestetikarar, opplev det berre i det indre auga. Og det er to framtredande hypotesar for å forklare det nevrale grunnlaget for den auka sensorisk krysskommunikasjonen. Ifølge den eine, er det aukt tilkopling mellom normalt fråskilde sensoriske banar, på grunn av større nervecelleutvekst under utviklinga av hjerna, eller fordi dei voksande forbindingane ikke var skikkeleg nedtrimma. Ifølgje den andre hypotesen, oppstår den sensoriske krysskommunikasjonen på grunn av mangel på ordentleg hindring.

Tags: ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510