Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Er me alle synestetikarar? » Synestetisk design
november 26, 2010 Off

Er me alle synestetikarar?

By in Teori

Forskarar frå Oxford University har funne ut at folk koplar lavere tonehøgd med større og meir avrunda formar.

Me er alle i stand til «å høyre» former og storleikar, og kanskje til og med «smake» lydar, ifølgje forskarar.

Artikkel publisert i BBC News.

Synestesi i seg sjølv er ein sjeldan og uvanleg tilstand som ein estimerar til å påvirke mindre enn 1% av befolkninga. Det kan opptre i ulike formar – nokre menneske kan «sjå lydar», ved at enkelte lydar triggar dei til å sjå bestemte fargar. Andre kan oppleve fargar medan dei les desse orda i enkel svart tekst. Men ifølge Charles Spence, ein professor i eksperimentell psykologi ved Oxford University, er me er alle «synestetikarar» opp til et punkt.

Akkurat det punktet er eg interessert i å finne meir ut av. Kva felles analogi, som kan opplevast av samtlege (ubevisst eller bevisst) finnes der ute? Og korleis nyttar me som grafisk designarar oss av den kunnskapen?

Å høyre formar

Rundingar av en viss storleik samsvarar med tonar av en viss tonehøgd. Folk koplar saman låg tonehøgd med stor runding, ifølge undersøkelse av Charles Spence ved Oxford University.

Charles Spence og medforfattaren hans, Cesare Parise, testa 12 frivillege i ei studie der forsøkspersonane skulle seia kva tonehøgd som passa til kva type form. Testen gjekk ut på at eit bilete blinka opp på ein skjerm og ein av to lydar vart spelt av, ein høg tone og ein låg tone (i tonehøgd). Vidare var det to sett med bilete: ein stor og en liten svart prikk, eller ein kantete og en svært avrunda form. Forsøkspersonane skulle seia kva som kom først, tonen eller biletet.

Bestemte figurar samsvarar tonar av ein viss tonehøgde. Folk koplar høgfrekvente lydar med den meir kantete formen.

«Når lyden og biletet ikkje samsvarte, syntes folk det var lettare å separere dei, seier professor Spence. «Medan med ein samsvarande kopling  – ein liten prikk og ein skarp lyd – så virka det som om deltakarane kopla dei lettare saman». På kva måte kan dette knyttast opp til kymatikk?

Det virkar som at hjernen vår kan nytte desse synestesiske assosiasjonane, seier professor Spence, «det å kombinere alle dei ulike sensoriske signalane som treff våre reseptorar synkront».
«Viss det er mange andre visuelle hendingar på same tid, for eksempel, hvis eg er på ein støyande fest, korleis veit eg kva ansikt som går til kva stemme?» spurte han.
«Me kan matche hendingar og lydar som kjem frå same lokasjon, eller det som skjer på same tid, men det er problem med dette.
«Viss du tenker på torden og lyn – jo lengre det blir borte frå oss, vert lyden av torden skilt vekk frå det visuelle lyssignalet frå lynet.
«Og viss eg flyttar hovudet mitt, men ikkje augo mine, eller flytter augo, men ikkje hovudet mitt, så fører det til ein  forskyvning mellom auga og øyra – mellom hørsel og syn.
«Så den synestesiske korrespondansen er ein tredje ting som hjernen kan nytta.»
Ideen om eit bestemt ord «lyder» skarpt eller mjukt – er ikkje nytt. Men dette er fyrste gong det har vist seg å direkte påvirke oppfatninga av «ikkje-synestetikarar».

Konseptet med skarpe- og mjukt-klingande ord vart introdusert i 1929, då psykologen Wolfgang Kohler utvikla eit eksperiment som ba folk å velge kva av dei to figurane vart kalla «Bouba» og kva som vart kalla «Kiki».

Å smake ord

De aller fleste mennesker vel kiki som den oransje kantete forma og Bouba som den lilla avrunda forma.

Spencer og teamet hans jobbar vidare med å knytte ordlydande Kiki og Buba til smak. Forsøksteamet har gitt deltakarane smakar og bedt dei namngi smakane enten Kiki/Buba, eller Takete/Maluma.

Han sa at to av dei beste eksempla er brie, som er «svært maluma», mens tyttebær er «veldig takete».
«Tanken er at du får folk til å ta del i forsøket ved å gi dei to typar mat, og seier «ein av desse er takete og ein er ein maluma,» men å ikkje fortelje kva som er kva».

Å høyre rørsle

Min tanke er å jobbe med visuell forandring og linke det opp mot opplevd auditiv forandring. Forske på dei visuelle variablane opp i mot dei auditive variablane og sjå om eg kan finne felles opplevd krysskopling. Eg tenker å lage korte animasjonar der eg eksperimenterar med dei ulike variablane. Her vart det presentert to ulike testar på variablane størrelse og form, noko eg tenker å sjølv starte med. Kva det fører meg til veit eg ikkje, men det er i allefall ein start!

Tags: ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510