Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Jean-Luc Godard sine kloke ord vs. mine mindre kloke ord om masterprosjektet » Synestetisk design
desember 5, 2010 Off

Jean-Luc Godard sine kloke ord vs. mine mindre kloke ord om masterprosjektet

By in Dagbok, Teori


Jean-Luc Godard (født 3. desember 1930) er en fransk-sveitsisk filmregissør, og regnes som en av de mest betydningsfulle innen Nouvelle Vague, eller «Den nye franske bølge» innen film.
Jean-Luc Godard vendte tilbake til Paris i 1948 for å studere. Fra før av hadde han studert i Nyon i Sveits. I bydelen Latinerkvarteret i Paris ble han gjennom la Cinémathèque française kjent med dem som skulle starte bevegelsen som senere ble kjent som «Den nye franske bølge». Blant disse var særlig regissørene André Bazin, Jacques Rivette, Claude Chabrol, François Truffaut, Jacques Rozier og Jacques Demy. (wikipedia)

Oda Hveem (føydd 8. mars 1984) er ein masterstudent i Design på Kunsthøgskulen med spesiaslisering i visuell kommunikasjon som forskar på synestesi og design, med formål om å undersøke assosiasjonen mellom visuelle sanseinntrykk og auditive sansafornemmingar.

Her er seks utsagn frå den omtalte mannen i relasjon til masterprosjetet mitt.

1. A story should have a beginning, a middle, and an end… but not necessarily in that order.

Prosjektet mitt handlar om krysskopling. Kopling mellom to punkt som ikkje synast å høyre i lag. Det å oppleve synestesi er praktiserande krysskopling, å f.eks. sjå fargar når ein høyrer musikk, eller å smake ord, eller å føle smak osv. Det handlar om knytningspunkt mellom to utenkte områder. Ein hoppar mellom A og Å akkurat som tankerekkene våre. Det er eit ikkje-lineært forløp. Det lineære forløpet, ein sekvens etterføl logisk ein annan, er akkurat som ein historie som vert fortald med ein intro, ein midtsekvens og ein avslutning. Og nå kjem eg til poenget, for å fortelje om synestesi så må dette kanskje skje på alle andre måtar enn lineært. Fordi:

  1. Når betraktar vert presentert to usammanhengande sekvensar, må betraktaren foreta ein krysskopling. Altså, når betraktaren får severt slutten først, så må han/ho tenke seg til kva byrjinga er. Betraktaren vil uansett ta dei ulineære puslebitane å sette dei saman til eit lineært forløp. Ulineært presentert = lineært forstått.
  2. Det demonstrerar synestesi og tankeprosessane seg sjølv. The container explores (or demonstrate) the content.

Altså demonstrasjon i konkret og i overført tyding. Avhandlinga mi bør vere satt saman som eit nettverk av tråder, som hypertekst.

2. I don’t think you should feel about a film. You should feel about a woman, not a movie. You can’t kiss a movie.

Eg kjem til å argumentere for korleis skape eit meir opplevelsesrik visuelt materiale, som skal tale til meir enn berre ein sans. Fordi eg trur det er nøkkelen til opplevelsesrikt design, å aktivere andre sansar til trass for at du berre vert severt noko visuelt. F.eks. ta i bruk assosiasjonar, spele på noko me tidlegare har opplevd og erfart. F.eks. kald vinternatt, glødande sol, levande blomst, berre for å ramse opp nokre klisjear. Eg stiller meg spørsmålet, korleis kan eg projisere opplevingane frå dei andre sansane med berre ein kanal, den visuelle? Desse tankane står i motsetning til det valgte sitatet. Eg vil at det skal føles som om du kysser «filmen». Eg vil at det syntetiske skal føles ekte. Så kva føles ekte når det vert laga for å føles ekte?

3. Photography is truth. The cinema is truth twenty-four times per second.

Nettopp derfor ønsker eg å jobbe med videosekvensar, fordi det kan følast så ekte. Faktisk så er synsinntrykk óg danna av enkeltbilete som vert prosessert med ein forsinking slik at me oppfattar rørsle.

Det tar en viss tid for øyet å registrere lysstråler fra en gjenstand, som f.eks. et måleri. Og det tar også tid før vi er i stand til å sanse gjenstandet som et bilde. Det er en viss treghet i øyet. Denne tregheten gjør oss i stand til å bevegelse. Når vi betrakter en person som løper, registrerer øyet en rekke stillbilder som til slutt flyter over i hverandre og former et bevegelig bilde, Denne treghet gjør det også mulig for oss å se bevegelsene i de stillbildene som en film eller et fjernsynsbilde består av. Så langt den tradisjonelle oppfatningen. (R. Pettersson. Bildet som informasjon. s. 19)

Eit interessant tankekors er at me oppfattar forsinkinga som realiteten, noko som skjer nå. Men eigentleg har det allereie skjedd. Me forheld oss til forsinking som nåtid. Det kunne vært interessant å gjort eit eksperiment med 24 bilete i sekundet, forsinkelse og oppfattelse. F.eks. kva oppfattar me om eg manipulerar med tid. Prosjisere to tider på ein og same tid. Projisere eit bestemt tidsforløp manipulert som eit anna tidsforløp osv. (som i grunnen er hovudparameteret til video og film, manipulering av tid, eller illusjon av tid og illusjon av verda)

Dette handlar og om holismen og gestaltpsykologien. Me forstår enkeltbileta som ein heilskap, sjølv om dei vert presentert som enkeltbilete. Det står igjen til samanlikning med det første punktet. At sjølv om ei historie vert presentert ulineært, med slutten først og starten til slutt, så set me det likevel til ein lineær historie. Livet er lineært, me vert født, me lever, me dør, hendingar kjem som perler på ei snor, det er det me er vant til å forholde oss til?

4. You don`t make a movie, the movie makes you.

Me er nokre påvirkbare skapningar. Alt me forstår forstår me utifrå vår eiga viten. Eg kan ikkje lage ein større film med opplevingar me ikkje har opplevd. På den andre sida, opplevingane i filmen, tar me med oss inn i den verkelege verda. Fordi sjølv om filmen ikkje er verkeleg, så er opplevinga og forståinga di av filmen noko verkeleg. Og det tar ein med seg vidare og er med på å forme oss.

5. There is no point in having sharp images when you`ve fuzzy ideas.

Akkurat nå går eg i gjennom ein periode i masterprosjektet, der eg føler eg berre forheld meg til verbale tankar og teoriar. Det heile dreiar seg om å definere, omformulere og klargjere. Men eg går jo visuell kommunikasjon, bør eg ikkje utvikle det visuelle samstrundes som det verbale og det teoretiske? Kva kjem først, Høna eller egget? Eg held ein knapp på å utforme tankar og idear først, og så utforme det til noko konkret, og ikkje motsatt, å lage noko og så «leite» fram litt teori som underbyggjar. Sjølv om det siste kan fungere det også. Men det gjeld å ha is i magen, stole på at prosessen fører fram til noko handfast. I motsetnad til å starte med noko handfast og så backe det opp med teori. Det er ikkje noko poeng å ha sjarmerande utforming om innhaldet ikkje er på plass. Klart det er ønskeleg med ein fin container, men kva er vitsen om ikkje innhaldet (content) heng på greip. På den måten kan ein visualisering av ei meining vera ein parodi på seg sjølv (utilsikta). (Parodi: mislykka el. forvrengd presentasjon el. gjennomføring). Fordi ein visualisering, er egentleg berre ein illustrasjon av ein tanke. Og er tanken liten, men blåst opp stort, skjer det ein forvrenging. Me designarar er ekspertar på dette, korleis få noko til å SJÅ ut som osv.

Heia innhald og heia prosess og heia heilstøpt konsept! Håpar berre dei klåre bileta kjem snart… Men dei vert kanskje klåre når tankane vert klåre?

6. It’s not where you take things from – it’s where you take them to.

Me ynskjer alle å skape noko nytt via masterprosjektet. Nye oppdaginga og nye tankar, først lokalt (hos deg sjølv) men ein óg eit ynskje at det skal bety noko i ein større samanheng. Kven vil laga noko som vart laga igår, ifjor eller for hundre år sidan? Men det er umogleg å ikkje referere til det som allereie er laga. Det er feil i det heile tatt å prøve å lage noko «nytt», fordi «alt» kan relaterast til «alt anna». For oss handlar det å definere «det andre» å sette desse brikkene inn i ein ny samanheng. Det handlar berre om å lage ein ny vri. Ta kjende element og kombinere på ein ny måte. Resample samples.

Det er ikkje så farleg med kva ingrediensar du nyttar, desse har sine kjende referansar, men det er kva du gjer med ingrediensane som er er poenget og utfordringa. Bakar du ei suksesskake eller bakar du ei sandkake?

Det kan hende at det kjem noko godt ut av resirkuleringa…

Men likevel, eg trur eg er nødt til å definere ingrediensane litt meir før i gang med bakinga, ironisk nok, ettersom eg seier at det ikkje er så farleg kvar eg har ingrediensane i frå. Eg er berre nødt til å hugse at det tar tid å bake og. Treng tid til heving, det er lett å gløyme…

Tags: , , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525