Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Veiledning x 3 -> lag videomontasje! » Synestetisk design
desember 17, 2010 Off

Veiledning x 3 -> lag videomontasje!

By in Veiledning

Eg har hatt tre viktige og oppklarande veiledningar i det siste. Den første med Theo, vår teoretiske ansvarlege på KHiO. Den andre med Ina Brantenberg, ekstern veiledar frå Tank Design, og den siste med Rune Helgesen, veiledaren min på KHiO. Det fine var at alle tre var samde om kva retning eg bør gå i.

Theo og eg snakka om progresjonen i masterprosjektet mitt, og at dei synestesiliknande eksperimenteringane muligens er komen til vegs ende. Det er på tide å plukke opp eit nytt spor.

Theo skisserte opp ein firedelt struktur som kan hjelpe meg å plassere brikkene eg har holdt på med, og synleggjere kva eg kanskje bør utvikle vidare. Dette var til stor hjelp for meg, alt vert meir håndterbart når ein nyttar «gjere» ord, som «dokumentar» og «forskning»  i staden for abstrakte «paraply-ord» som «kultur» og «natur» , som eg sjølv har brukt for å systematisere arbeidet mitt. Hans forslag var å jobbe med dokumentar og videoessay med bakgrunn i casestudy av ein synestetikar som eg har kontakt med.

Ina i Tank design plukka opp same sporet. Etter å ha presentert kva eg er interessert i, og kva eg har gjort så langt, (som ho forøvrig meinte var eit godt nok grunnlag for ein god master) såg ho for seg videosekvensar kombinert med lyd, kanskje til og med live-performance. Ho råda meg til å byrja med musikken og presentere dette med eit storyboard av visuelle snapshots for å risse opp rammene til eit større prosjekt, som kan presenterast på første møte med sensorar rett over nyttår. Vidare ville ho strukturert research slik at det vert lett forståeleg, og å tenke brett i presentasjonssamanheng. Komme med enkle knaggar å henge erfaringane mine på. Fallgruva, meinte ho, var å bli for spesialisert (og for sært/utilgjengelig som den typiske KHiO-student, etter hennar meining). Viss eg fekk til å krysskople designprinsippa som form, farge, tekstur og typografi med lydmessige kvalitetar så kunne dette bli eit veldig interessant prosjekt. Ho meinte målet låg i å vise forbindelsar som betraktaren vanlegvis ikkje tenker på, og kanskje lage nye samansetningar på korleis me kan oppleve omgjevnadane våras. Ho meinte (til forskjell frå Theo) at det var meir interessant å sjå grunnprinsippa i design i samspel med musikk, i staden for å gå rett på å formidle synestesiforma hearing motion. Ho meinte eg måtte bruke musikken for alt det det er verdt, og det kan vera med på å gi masterprosjektet personlighet.

Rune og eg spann vidare på innspela i frå Theo og Ina. Me skisserte opp to retningar:

  1. Ein «poetisk» tilnærming
    Jobbe med dei grafiske formprinsippa form, farge, struktur, ryme, harmoni og diharmoni og kople det opp mot lyd. Med hovudformål at betraktaren skal få ei oppleving/demonstrasjon av «hearing motion», eller sammensmelting av lyd og bilete. Kanskje starte med lyd og sjå korleis dette kan forklarast med formprinsipp henta i frå den verkelege verden.
  2. Dokumentarisk tilnærming
    Ta utgangspunkt i Line og hennar synestetiske lydopplevingar, bruke fortellerstemme, kople det opp mot demonstrerande eksempel henta i frå kvardagslivet. Målet er å forklare/formidle «hearing motion» meir «pedagogisk».

Slik eg ser det nå, føler eg mest for retning 1, ein litt meir friare retning, der lyd og bilete flyter inn i kvarandre, med hovudformålet å få betraktar til å LYTTE til bileta. Kanskje lyden kan snike seg inn og ut, og på den måten «manipulere» fram ei oppleving av å «høyre» form, farge, tekstur osv – som nettopp kan gi ei synestesioppleving, når 1 signal spontant vert oppfatta i 2 (uavhengige) kanalar.

Då gjenstår det berre å takke for alle dei tre fine veiledningane på tampen av dette semesteret, og håpe at det dannar opptakten til eit produktivt neste, og siste semester!

Tags: ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510