Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Den musikalse abstrakte filmen » Synestetisk design
desember 27, 2010 Off

Den musikalse abstrakte filmen

By in Inspirasjon, Teori

Abstrakt film er ein sjanger som er nært knytta til masterprosjektet mitt. På 1920- og 30-talet såg me dei første eksempla på å knytte saman musikalske prinsipp med visuelle videosekvensar. Her er nokre eksempel representert kronologisk.

Absolutt film

Absolutt film er ei filmrørsle starta av ei gruppe visjonære målarar i Tyskland på 1920-tallet: Hans Richter, Walter Ruttmann, Oskar Fischinger og svensken Viking Eggeling. Desse kunstnarane presenterer ulike tilnærmingar til abstraksjon og rørsle: som ein analogi til musikk, eller som etableringa av eit absolutt formspråk, eit ynskje som er felles for tidleg abstrakt kunst. Ruttmann skreiv om hans filmarbeid som «måleri i tid. «Dei nytta elementært håndverk, teknikkar, og språk i sine korte filmer som motbeviste attgjeving av den naturlege verden, i staden, hadde dei fokus på lys og form i forhold til tidsperspektivet, som ikkje kan representerast med statisk visuell kunst

Denne filmen vert rekna som det første eksempelet på abstrakt film, Lichtspiel, Opus 1 – av Walther Ruttmann i 1921.

Ein annan som haldt på med det same som Ruttmann, var Hans Richter. Han laga fleire kortfilmar som er basert på musikalske prinsipp. Dette er Rhythmus 21, laga i 1921.


Symphonie Diagonale (1924) – Viking Eggeling.Oskar Fischinger – «Seelische Konstruktionen» 1927.

Syntetisk lyd, direkte film, visuell musikk

Tre forskjellege retningar som oppstod på 30-talet, med Oskar Fischinger, Len Lye og Mary Ellen Bute i spissen.

A Color Box (Len Lye, 1935)


Mary Ellen Bute, Synchromy no. 2

Komposisjonsmessige prinsipp

På 50-talet var det fleire eksempel på å overføre komposisjonsmessige prinsipp frå musikk til video, med bl.a. Dwinell Grant og John og James Whitney i front.

Themis is a stop motion animation by Dwinell Grant 1940. Music is «Slowpoke» by Devil Muisic.


Brødrene John og James Whitney skapte fleire bemerkelsesverdige filmeksperiment mellom 1943 og 1944. Desse filmane er visuelt basert på modernistisk komposisjonteori, med nøye varierte permutasjoner med former manipulert med cut-out masker slik at biletet som vart fotografert er direkte lys som er form, snarare enn lyset som vert reflektert frå teikningar som i tradisjonell animasjon. Synkront med den sanselege neonglød-aktige formante vart det komponert elektronisk av brørne ved hjelp av ein pendel som skreiv lyd direkte på filmen med stor presisjon. På den tida, før tradisjonell lydopptak var mogleg, var desse lydane – med eksotiske «reine» tonekvalitetar, sjølv kromatiske glissandoar og støyande pulseringar – verkeleg revolusjonerande og sjokkerande. Brørne vann Grand Prize at the 1949 Brussels Experimental Film Competition for desse fem filmeksperimenta.

Strukturelle, stofflege, sanselege prinsipp

På 60-talet vart fleire filmskaparar interesserte i sei strukturelle, stofflege og sanselege overførbare prinsippa. Peter Kubelka, Jne Paik, Jordan Delson og Stan Brakhage kan nemnast med namn.


Kubelka-Arnulf Rainer 1960.


Zen For Film (Nam June Paik, 1962-1964)

Cycles-Jordan Delson


Stan Brakhage – Black Ice (1994)

Tags: , , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510