Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Audiovisuell persepsjon » Synestetisk design
desember 29, 2010 Off

Audiovisuell persepsjon

By in Teori

Persepsjon

Med sansane våras oppfattar me verda rundt oss. Auga registrerar visuell informasjon og øyra registrerar auditiv informasjon. Det er sjeldant at me berre sansar med ein sans, vanlegvis nyttar me ein kombinasjon av våre fem tildelte sansar for å oppfatte verda. Sansane våras er altså ikkje isolert frå kvarandre. Dei samarbeidar, noko som har gitt oss eit evolusjonsmessig forsprang. Viss ein sans blir gitt lite eller uklar informasjon, vil dei andre sansane hjelpe til for å korrigere oppfattinga. Dette vert kalla for multimodal integrering. Ein annan link mellom sansning vert kall for intermodal analogi.

Når sansane smeltar i saman

Alle sanseinntrykk vert analysert fortløpande av ei rekke hjernesentre som har kvar sine spesielle oppgåver, før dei opplysningane til slutt vert kombinert til ei samla sanseoppleving. Hjernesentre som ligg tett kan i teorien kortslutte, slik at inntrykk frå ein sans vert registrert og bearbeida av ein annan sans. Me skil mellom fysisk kortslutning og kjemisk kortslutning. I fysisk kortslutning veks det ekstraordinære nervebanar frå eitt hjernesenter til eit anna, medan i kjemisk kortslutning så kommuniserer hjernesområda med kvarandre ved hjelp av å transportere kjemiske signalstoff frå ei nerve til ei anna.

Enkelte deler av hjernen vår er spesialisert på informasjon for den enkelte sans, medan andre deler tar seg av informasjon som går på tvers av sansane. Det er faktisk eigne nevronar som tek seg av multisansbare persepsjonar. (Berre ein sjeldan gong er me konfrontrert med ein enkel modalitet. Faktisk så er det å separere vår persepsjon i sjølvstendige verdenar, det å høyre, sjå, lukte, smake, føle, ein stor abstraksjonsøvelse i seg sjølv.)

Assosiasjon versus genuin synestesi

Intermodal analogi handlar om søken etter ein «amodal» kvalitet som ein finn i fleire sensoriske områder, som intensitet eller (lys)styrke, som kan danne bru mellom sansane. Desse mekanismane er berre to element i interaksjonen mellom det å høyre og å sjå. Det er med andre ord ulike kategoriseringar av bindingsledd mellom det visuelle og det auditive. Men ein må skilje mellom genuin synestesi og andre assosiative og emosjonelle linkar mellom lyd og bilete. I kontrast til genuin synestesi, som verdt vurdert som «absolutt», er multimodal integrasjon kontekstavhengig. Om ein sans er lite stimulert så overtar ein annan sans. Som f.eks. at hørsel vert viktigare i eit mørkt rom der du ikkje ser så godt.

Øyra ligg nærme senteret som kontrollerar kjensler, derfor trigger auditive signal som musikk følelser og fysiske reaksjonar. Du har vel opplevd å få gåsehud av musikk?

Hørsel versus syn

Vår visuelle persepsjon er optimalisert for å forstå statiske objekt, og kan etter regelen, ikkje følgje meir enn ei rørsle, som f.eks. ein forbipasserande bil. Dette er til skilnad frå auditive signal, der me ikkje har noko problem å differensiere mellom fleire simultane rørsler, som lyden av to ulike bilar som kjører vekk. I tillegg er hørselsinntrykk fundamentalt raskare å oppfatte enn synsinntrykk. Det tek raskare tid å prosessere dei sensoriske stimulia. Øyra har ein tendens til å spesialisere seg i oppfatninga av tidsbaserte prosesser medan øyra i den detaljerte oppløsninga på statiske fenomen, som sannsynlegvis gir grunnlag for felles oppfatning av lyden skal vera flyktig medan biletet godt kan vera permanent.

Lyd- og synsinntrykk kan aldri bli absolutt synkront, sidan oppfattinga av lyd skjer raskare enn bilete. Stemma kan faktisk vera 250 ms seinare enn leppebevegelsene før me legg merke til det. Men om det er motsatt, at lyden kjem før biletet, så legg me tydeligare merke til det. Naturleg nok, sidan inntrykket av lyden kjem etter biletet i den fysiske virkeligheta.

Teknisk utvikling

Det er ikkje å legge skjul på at teknisk utvikling påvirkar persepsjonen til menneske. Oppfinningane på 1900-talet har gjort det mogleg med synkrone opptak av lyd og bilete, to medier (medium?) som tidlegare har vore fråskilt, men er nå smelta saman.

Kryssmodal forståing har fleire fordelar, f.eks. forståinga for språk. F.eks. når det er mange som snakkar i eit rom og det er vanskeleg å høyre kva som vert sagt, kan det hjelpe å sjå på leppebevegelsen på den du vil høyre på.

Amodale eigenskapar

Nokre eigenskapar kan verta oppfatta på tvers av sansane som f.eks.

intensitet

lys(styrke)

omfang

tettleik

«roughness»

Desse, og andre amodale eigenskapar (kvalitetar) er faktisk i sentrum av vår persepsjon. (Chion)

Krysskorrespondanse

Albert Wellek forska så tidleg som på 1920-talet på desse korrespondansane, som han kalla «primeval synesthesias», som kan finnast hos alle menneske til ein kvar tid, altså at det er firksert i menneskeleg persepsjon. F.eks. at ein liten prikk kan knyttast til ein lys tone, medan ein ein stor prikk er ein mørkare tone. Desse korrespondansane kan ein finne igjen i vestlig notasjon, der lys tone er plassert høgt, medan ein låg tone er plassert lågt i notasjonssystemet.

Synestesi og design

Ein som har skrive om design og synestesi er Michael Haverkamp. Han skriv om å flytte representasjonar av menneskeleg persepsjon til eit meir komplisert nivå, ved å forstå desse kryssansningane.

Referanse: Audiovisuology.

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525