Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Begone Dull Care » Synestetisk design
januar 6, 2011 Off

Begone Dull Care

By in Inspirasjon

Dette er ein ekstraordinær animasjon der Evelyn Lambart og Norman McLaren har måla direkte på film. Resultatet er ei levande tolkning, i flytande linjer og fargar, av jazz spilt av Oscar Peterson Trio.

Som tenåring vart McLaren interessert i «Colour-Music», ein kunstform der farga lys danna visuelle mønster. Under utdanninga, når han gjekk på ein kunstskule, prøvde McLaren og medstudent Stuart McAllister å lage «Colour-Music» ved å måle abstraksjonar direkte på 35 mm film. McAllister vart seinere einn god redaktør av dokumentarfilmer. McLaren var fornøyd med denne erfaringa i frå desse eksperimenta, men syntes at resultata var primitive. Så, i London i 1936, såg han dei revolusjonerande håndmålte filminngraveringane til Len Lye, noko som gav han sjølvtillit til å fortsette med å teikne direkte på film. Etter ti år fekk han tilgang på ein trefargars filmprinter, som tillot han å kopiere fleirfarga håndmåla originalar. Noko han nytta for å lage denne improviserte animasjonen til Oscar Petersons pianoimprovisasjon. Kilde: nfb.ca.

Oscar Peterson og Norman McLaren planla faktisk strukturen til musikken i lag, slik at musikken skulle passe dei visuelle mønstra. Av animasjonekspertar vert denne animasjonen rekna som noko av dette beste innan sin sjanger, nokonsinne. Alt vart gjort på 35mm, for hand, med mange ulikke teknikkar som teikning, «scratching», «blottings», etc. McLaren hadde ingen grenser når han satte i gang. Faktisk vart han seinare diagnostisert som bipolar og var truleg høgst i sin eigen energisky når han laga denne animasjonen. Heldigvis hadde han sin venn Evelyn Lambart som kunne kontrollere ham litt og det er truleg på grunn av ho at denne animasjonen eksisterar som eit ferdig produkt i dag. Kilde: youtube.

Eg har i det siste stilt med spørsmålet om kvifor me på død og liv skal visualisere lyd/musikk. Kan ikkje musikk berre få lov til å vera musikk som er addressert til øyra? Når er det nødvendig at ein bruker to kanalar for å fortelje det same budskapet? Kva er kriteria for at det skal vera nyttig og ikkje banalt? Eg trur delar av svaret ligg nettopp i denne animasjonen. Eg trur at når det er kompleks informasjon, som f.eks. ein jazzimprovisasjon, er det meir ein fordel enn ein ulempe å duplisere informasjonen over til den visuelle kanalen. Nettopp fordi dette kan vera til hjelp for betraktaren å forstå improvisasjonen til Oscar Peterson. På den måten kan det vera nyttig å visualisere musikk, og å «duplisere» informasjon over til ein annan kanal. (meir om dette i innlegget om audiovisuell komposisjon som eg held på å skrive nå.)

Tips fra maziar.

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510