Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Første møte med sensorane » Synestetisk design
januar 20, 2011 Off

Første møte med sensorane

By in Veiledning

Denne siste veka har me jobba fram mot masterprosjektpresentasjon til sensorane, Thomas Leerberg og Rachel Troye. Målet med dette møtet var at dei skulle bli litt meir kjend med oss og prosjekta våras, før dei møter oss i starten av mai for å fastsetje endeleg vurdering og karakter. Me hadde 20. min. individuelle presentasjonar og 20 min. til spørsmål frå sensorane. Alt i alt må eg seia meg veldig fornøyd med eiga innsats, då eg klarte å få sensorane til å bli engasjert i temaet mitt: sanseblanding, formidling og film.

Demonstrasjon


Eg la opp presentasjonen i ein to-deling, først ein demonstrasjon, der eg oppmuntra til deltaking og dialog, og så ein presentasjon av designarbeid eg har gjort på KHiO så langt. I den første delen presenterte eg ulike formar som vist på biletet. Eg sang to tonar og ba dei peke på kva tone som høyrte til kva form. Dette var for å demonstrere krysskopling i praksis. Dei høyrte to lydar, og såg to formar og vart bedt om å utføre ein krysskopling. Dette trigga spørsmål som: Kvifor er det slik? Og det synar ein korrelasjon mellom det visuelle og det auditive som me all kan oppleve, synestetikar eller ikkje. Så drog eg referansen til kva dette har med design å gjera. Eg fortalde om eit konkret eksempel i frå forskning frå 1950-talet kopla til emballasjedesign. Forsøket gjekk ut på å forme tre typar sjokoladar, ein rund, ein trekant og firkant ut av same sjokoladen. Forsøkspersonane meinte heilt klart at dei smakte forskjelleg, og at den runde smakte best, til trass for at det var same sjokoladen. Dette er eit bevis på sanseblanding, og at sansane våras påvirkar kvarandre og opplevinga vår.

På ein måte handlar grafisk design mykje om nettopp dette. Me tek noko visuelt og intendere det, og framkallar ein eller anna oppleving. Og denne opplevinga er ikkje visuell, den er alt mogleg, på same tid.

Vidare synte eg «takete» og «maluma» formane henta i frå Gestaltpsykologien, som beviser ein slags kopling mellom visuell form og lydform (øverst til venstre). Og at dette er ein type «phonosthesia» som alle kan oppleve, synestetikar eller ikkje. Eg forklarte vidare prinsippet bak synestesi, at nokre personar har ein kopling som andre ikkje har. Denne koplingen fører til ei ekstra oppleving som er konsekvent gjennom heile livet. Er talet 5 raudt, så er det alltid raudt. Nokre har det så utvikla at mai måned vert raud (fordi det er den femte månaden), og at fredagen er raud osv.

Presentasjon

Etter å ha demonstrert det eg har lest og lært med praktiske eksempel, gjekk eg vidare til å vise klipp i frå dei praktiske designarbeida, som har ført meg fram til oppgåva om sanseblanding. Eg har strukturert øvingane i 5 grupperingar: fysiske, logiske, metaforiske, synergetiske og synestetiske koplingar mellom lyd og bilete.

1. Fysisk kopling: korleis lyd kan fysisk påvirke det visuelle. (Henta frå eit prosjekt eg gjorde før jul i fjor).

2. Logisk kopling: korleis ein kan visualisere musikkuttrykk med typografi, form og farge. (Henta frå eit prosjekt eg gjorde før jul i fjor).

3. Metaforisk kopling: korleis me kan teikne vår oppleving av musikk. (Henta frå eit prosjekt eg gjorde før jul i fjor).

4. Synergetisk kopling: korleis bevegelege bilete kan forsterke eit musikkuttrykk. Her viste eg bilete og rytmestudiar i frå musikkvideoen eg laga til Bård. Og fortalde at det var her eg oppdage at eg måtte lytte til bileta, for å vite korleis eg skulle plassere det i lag med musikken.

5. Synestetisk kopling: korleis eit synsinntrykk kan gi deg ei oppleving av lyd. Positivt for meg var at begge sensorane fekk lydfornemmingar når eg viste dei videoklippet som vert brukt for å «diagnostisere» synestesiforma «hearing motion».

På tampen

Etter å ha vist dei i gjennom prosessen min, snakka me litt laust og fast om fenomenet sanseblanding, kva målet me prosjeket mitt er, og korleis ein evt. kan måle graden av suksess. Eit viktig poeng her er at om ein får ein synestetisk oppleving av film er ein særs individuell og subjektiv sak, og kanskje vanskeleg for to sensorar å bedømme. Eit tips var å vise den ferdige filmen til eit publikum og spør dei i etterkant korleis dei opplevde det, slik at eg får ein meir målbar storleik å vise til. Me snakka og litt om evalueringskriteria eg har satt for meg sjølv, blant anna at eg ynskjer å tileigne meg ein overførbar kunnskap som går på generelle basiselement som rytme, kontrast, harmoni, dynamikk osv.

Dei oppfordra meg å til å sjå korleis ein kunnskap om sanseblanding kunne misbrukast, som f.eks. i reklame. Vise til relevante eksempel.

Det var uansett ein veldig positiv oppleving å få møte sensorane, vite at dei er nyskjerrige og interessert i temaet og få feedback. Så nå gjenstår det å overbevise, å kunne iverksette det eg har snakka om. Vanskeleg, men føler meg heldigvis motivert for oppgåva!

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510