Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3838
Masterprosjektet » Synestetisk design
februar 13, 2011 1

Masterprosjektet

By in Dagbok, Eksperiment


Test no. 5: Montasje

No har eg endeleg kome i gang med det praktiske arbeidet som eg skal vise til på eksamen/utstilling, det såkalla «hovudcaset». Fokuset mitt ligg på sansekryssing av det ein ser og det ein høyrer. Meir konkret skal eg filme visuelle element og sette saman med auditive element, med mål om gi folk ei oppleving å høyre bileta og betrakte lyden.

Eg kjem til å jobbe framover med små videosnuttar som til slutt skal setjast saman til eit «sluttverk» som skal prosjekterast med videoprosjekteringsmapping-programmet VPT, for å gi ei oppleving av rom og «eksistens».

Førebels er desse videosnuttane ganske «primitive», målet er at dei skal bli meir og meir «avanserte» etterkvart med tanke på behandling av auditiv/visuell behandling av informasjon. Men eg ser for meg at det heile skal bli minimalistisk (med redusert innhald, i allefall når det gjeld det narrative) og abstrakt, samstundes som det har eit organisk og «sharp» uttrykk.

Tags: , , , ,

One Response to “Masterprosjektet”

  1. […] 2 år skal snart oppsummerast i 2 ulike handlingar: ei avhandling og eit sluttprodukt. Denne veka skal eg fokusere på avhandlinga og dei 7000 orda som skal oppsummere kva eg er interessert i, kvifor eg er interessert i det og kva tyding det har i ein større samanheng. I tillegg til dette kjem det praktiske arbeidet, eller sluttproduktet om du vil, kjært barn har fleire namn. Førebels har eg laga fleire korte videosnuttar der eg testar ut ulik tilnærming på sansekryssing hos mottakar mellom syn og hørsel. Desse utprøvingane nyttar eg som metode fram mot den endelege og fikserte leveransen som skal synast på eksamen i mai og utstilling i juni. Test no. 5: Montasje. Eit eksempel på ei utprøving av montasje av lyd og bilete. Les meir om dette på masterprosjektbloggen. […]


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3510