Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3853
Avhandlinga » Synestetisk design
april 30, 2011 Off

Avhandlinga

By in Dagbok, Khio

Kl. 12.00 i går leverte me avhandlinga og satte opp materiell til presentasjonen for sensorane. Det har vore ein ganske så heftig periode i det siste, med lite søvn og mykje jobbing. Godt det berre er fem dagar igjen til presentasjonen for sensorane. Kjenner at det er minimalt med krefter igjen. Etter presentasjonen på onsdag gjeld det berre å lage ei god utstilling til første veka i juni.

Avhandlinga mi «Kryssans», der eg skriv om kva eg har undersøkt og lært i løpet av dei to åra på Kunsthøgskolen i Oslo.

Konseptet for designløysinga til avhandlinga er ei bok inni boka, med prosjekta eg har gjort presentert på smalare gulfarga ark.
Fokuset mitt har vore på slektskapet mellom lyd og bilete.
I dokumentasjonsdelen refererer eg til kva andre har gjort før meg, som abstrakt film på 1920-talet.
Heile 21 designeksperiment er tatt med i samlinga, dvs. fokus på prosess framfor enkeltprosjekt.
Sidan prosjektet dreiar seg om lyd i ein visuell samanheng, så har eg måtta søke meg til andre fagområder som filmteori og psykologi.

Dette prosjektet fekk endeleg ein uttrykksmåte med videoprojeksjonsteknikk som projeksjons-mapping. Noko som eg kom over i februar i år. Prosjeksjons-mapping dreier seg om å prosjektere på eksisterande flater og arkitektur og skape illusjon av rom.
I løpet av heile denne to-årige perioden har eg blogga om stort og smått, 600-700 sider vart det totalt når eg printa ut bloggen på A4-papir.
Det meste av det eg skriv om i avhandlinga er henta i frå bloggen.

Prosjektet handlar framleis om synestesi, men behandla meir subtilt inn i designsamanheng.
Det å heile tida vende bakover og forstå tidlegare prosjekt har vore essensielt for dette prosjektet.
Når eg fekk avhandlinga i handa for første gong på torsdag, såg eg sjølvsagt alle feila. Men eg trur eg må seia meg fornøyd når alt kjem til alt. Er nok eit snev av perfeksjonisme som slår inn.

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3525