Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3837
Avgangsutstilling under prosess » Synestetisk design
mai 15, 2011 Off

Avgangsutstilling under prosess

By in Dagbok, Eksperiment

30. mai til 5. juni skal MA2 og BA3 ha avgangsutstiling på Kunsthøgskulen der me stiller ut arbeida våre. Anne-Linn (klasseveninne) og eg har bestemt oss for å lage eit samarbeidsprosjekt til utstillinga. Målet er å trekke fram det beste av det beste av kvart prosjekt til ein heilskap. Anne-Linn har jobba med hav og formidling, medan eg har jobba med projeksjon, sanseblanding og formidling. Ideen er å ta utgangspunkt i ein «havskulptur» som ho har skissert i masterprosjektet sitt og projisere farge, film og animasjon på den skulpturen. Første skritt er å måle opp, skjære til og bygge den 1×2 meter store formen. Noko som tek tid. Men eg trur det kan bli veldig bra!

1×2 meter med kvit papp i puslebitar som skal limast saman slik at det vert ein 3-dimensjonal form med topp- og lavpunkt med utgangspunkt frå havet og bølger.

Med projeksjons-mapping (som eg har lært meg på masteren) kan eg velge kva flater som det skal prosjiserast på og ikkje. Det er totalt 112 bitar, noko som gjer det til ein ganske så krevjande jobb. Eg kryssar fingrane for at eg har tid nok til å få lage ein heftig bra projisering.

Tags: , ,

Comments are closed.


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3509