Inspirert av Håkon Kornstad sitt emninente “saksofon-loop-stil” sprang eg ut og kjøpte lydkortet one av Appogee. Med dette lydkortet kan eg ta opp saksofon, piano, fløyte og all anna lyd eg vil ta opp. Eg testa det såvidt i stad. Det er enkelt å bruke, fin lyd og fungerar tipp topp opp i mot GarageBand. Forløpig tenker eg å teste det ut med det gratisprogrammet før eg ev. kjøpar eit litt meir avansert eit, som f.eks. “Live” som dei anbefalte på butikken.
Det einaste eg ikkje skjønnar er kvifor eg ikkje har kjøpt meg eit slikt lydkort før??

Liten og nett sak.

XLR-utgang til sax-mic-en min og jack-utgang til å ta opp lyd i fra el-pianoet mitt Roland FP 5. Herrlich!

Og i tillegg ein internmikrofon som seiest å vera svært bra.
Med denne investeringa kan eg kanskje begynne å bruke egenprodusert lyd til visualisering.
Tags: masterproject, music