Notice: Only variables should be assigned by reference in /home/oda/oda.hveem.no/wp-content/object-cache.php on line 30

Notice: register_sidebar vart oppkalla på feil måte. Ingen id var definerte i argument-arrayen for sidekolonna «Sidemeny 1». Fell tilbake til «sidebar-1». Sett id til «sidebar-1» manuelt for å få vekk denne meldinga og beholde innhaldet i sidekolonna. Sjå Feilsøking i WordPress for meir informasjon. (Denne meldinga vart lagd til i versjon 4.2.0.) in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3837
Masterprosjektblogg » Synestetisk design
juni 24, 2011 Off

Jag Diamonds

By in Inspirasjon


Jag Diamonds

Installation for the brand Jag Zoeppritz in Paris.
Video mapping on paper shapes.

deathinparis.com

Music – Nosaj Thing, «Voices»

Tags:

juni 8, 2011 Off

Ta▲Ke▲Te

By in Eksperiment, Khio

Til avgangsutstillinga på Kunsthøgskulen i Oslo valde interiør- og lysdesignar Anne Linn og eg å gjera eit samarbeidsprosjekt som kommuniserte båe masterprosjekta – om hav & rom, fomidling & projisering.

 

Me kutta og lima i saman 112 unike bitar (ja, det tok lang tid) til ein havskulptur som vart hengd frittståande frå taket i fiskesnører i utstillingsrommet. Deretter kartlagde eg kvar puslebit slik at ein kunne projisere unike fargar og lysintensitet på kvar og ein brikke. Prosjektoren hang me peikande nedover frå taket. Ved å bruke ein kombinasjon av proiseringsprogrammet VPT og animasjonsprogrammet Adobe After Effects laga eg to sekvensar som gjekk i loop under utstillinga. Dette skulle syne litt av det som er mogleg med projeksonsmapping (ein teknikk eg lærte meg i løpet av masterprosjektet) knytta til formidling av Anne Linn sitt prosjekt som handlar om hav og rom.

Forma svevde i rommet etter opphenginga med fiskesnører. Me strakk seks snører frå taket og knytta tråden til ein fyrstikk på undersida forma og trakk sena vidare ned til golvet der me festa med teip og limpistol slik at forma skulle vera mest mogleg stødig men likevel gi ei svevande følelse.

Havskulpturen hadde både hol og speglflater slik at det vart projisert både på gulv og tak. Med projeksjonsmapping har eg full kontroll over når det skal projiserast på golvet, på veggen eller kun på forma.
Eg synte to sekvensar på utstillinga, der “bølgeskvulp” var den som var mest tidkrevjande. Her kartla eg kvar og ein puslebit og ga dei fire ulike lysintensitetar som gradvis gjekk over i kvarandre over ein tidsperiode på tre sekund. Dette var for å gi opplevinga av hav i rørsle.


Nærbilete av forma og prosjiseringa på golvet.


Havskulpturen sett ovanifrå, medan projiseringsprogrammet VPT og MacBook-en som ikkje ga antydning til å klage å kjøre projiseringa time etter time :)

Forma i rommet i dagslys med projisering på gulv og vegg.

Sekvensen bølgeskvulp i dagslys. Det fungerer det og, kjem til sin rett i noko svakare belysning. Flaks at utstillingsopninga var på kvelden!

Tags: , , ,

juni 2, 2011 Off

Bilete i frå avgangsutstillinga

By in Khio

Her er litt bilete i frå utstillinga til avgangsstudentane på bachelor og master på Kunsthøgskolen i Oslo. Mykje folk og god stemning gjorde dette til ein positiv erfaring!

Bilete i frå masterrommet. 14 masterstudentar stilte ut arbeida sine.

Vår einaste fashion-student i klassa: Bente :)

God stemning, stolt kjæreste til Ingrid ;)

Når lyset i lommelykta vert skrudd på kjem «usynleg» tekst og bilete til syne.

Masterprosjekta må forklarast, ikkje alltid like lett å sette seg inn i to-årig studium på eit spissa område!

Ting og tang skal fram.

Bilete i frå bachelor, visuell kommunikasjon.

Anders sitt sittemøbel.

Teresa sitt møbel.

Havskulpturen til Anne-Linn og meg.

Masterrommet dagen etterpå.

Bordet mitt mellom Eva og Anne-Linn, med avhandlinga og bloggboka på ca. 700 sider.

Steinar sin 13 meter lange avhandling.

Roseseremoni og vitnemålutdeling, sett bortsett i frå at vitnemåla kjem i posten i etterkant.

 

Tags: , , ,

juni 2, 2011 Off

DESIGNAVGANG 2011

By in Khio

Les om min fine, flinke og flotte klasse på designavgang.no/MA-Design

 

Tags:

mai 30, 2011 Off

Overflytting av havskulpturen til galleriet

By in Dagbok, Khio

Etter ein halv dag med opprigg og ein halv dag med justering av projeksjons-mappinga bør eg seia meg fornøyd med dagens innsats. I morgon skal nok ein projeksjonsanimasjon lagast, strek på murstein i inngangspartiet. Satsar på å vera ferdig til opninga av utstillinga kl 19.00.

Tags: , , ,

mai 29, 2011 Off

Havskulptur dag 6/6

By in Dagbok, Eksperiment

Dagen i dag gjekk med til ferdiggjering av Bølgeskvulp-sekvensen og generering av nye testar på «Solstrek» og «Fiskestim». Ellers er eg i tenkeboksen på korleis eg skal løyse det tekniske med avspelar av projeksjonen på utstillinga. Valet står mellom å bruke min private laptop eller få tak i evt. kjøpe ein mac mini, sidan medieboksen WD TV Live viste seg å ikkje fungere heilt optimalt for projeksjons-mapping.

I morgon flyttar me over tinga til utstillingsrommet. Vert spennande å sjå kor mykje eg må justere. Er forberedt på å justere ein heil del, men håpar eg kan ta utgangspunkt i det eg allereie har laga, ellers vert det nok ei våken natt på meg.

Fiskestim-sekvensen er og så godt som ferdig. Det same er denne testperioden på seks dagar. Måndag og tirsdag går med til rigging av skulptur og utstyr, samt siste justering etter overflytting.

Tags: , , , , ,

mai 29, 2011 Off

Havskulptur dag 5/6

By in Khio

Æsj. Tida renn ut. Særleg fordi eg held på med andre ting, som å spele ein heil dag med storbandet mitt på Bygdøy Allé-dagane. Og fordi eg kasta bort masse tid på å teste ut WD TV Live boksen som eg kjøpte inn (og som viste seg å ikkje fungere til å vise mapping-arbeid). Dobbeltæsj.

Men rakk å gjere ein liten test til å «bølgeskvulp»-sekvensen. Trur den kjem til å fungere bra i ulike blånyansar skiftande frå mørkt til lyst, vekselsvis. Nå gjeld det berre å fullføre det på heile forma.

Tags: , , ,

mai 27, 2011 Off

Havskulptur dag 4/6

By in Dagbok, Eksperiment

Etter å ha produsert ulike testprojeksjonar dei siste tre dagane, brukte eg dagen i dag til å få tilbakemeldingar. Noko som gjorde at me kunne bestemme oss for kva sekvensar som det er verdt å bruke tid på å fullføre til avgangsutstillinga på tirsdag.

Foreløpig har me bestemt meg for å lage fem ulike sekvensar.

1. Bølgeskvulp (mapping av alle 112 flater, illusjon av opp og ned)

2. Farge (mapping av gulv og speglflatene, ca 12 flater, fargeovergangar)

3. Solstrek (strek som føl linjene i formen)

4. Linjer (kun mapping av ytterform)

5. Fiskestim (kun mapping av ytterform)

Sekvens 4: Viste tilfeldigvis tidlige versjonar av bølgestrek, etter litt diskusjon vart den henta fram igjen, i staden for dei siste versjonane eg har laga.

Sekvens 5: Fiskestim.

Speglflatene er og komen på plass nå, som gir refleksjon til veggane i rommet.

Målet er å bli ferdig med sekvens 4 og 5 i løpet av helga. Sekvens 1-3 må uansett lagast meir eller mindre på nytt då forma skal flyttast til utstillingsrommet på mandag. Det kritiske punktet i prosjektet er at då har eg kun 1 dag på meg til å fullføre mapping på 112 flater. Kan bli spennande å sjå om det går!

Tags: , , , , ,

mai 26, 2011 Off

Havskulptur dag 3/6

By in Dagbok

I dag jobba me med illusjon av bølger ved å la gråtoner gli opp og ned i gråskalaen. Det skulle vise seg å vera ganske så vanskeleg. Dessutan, det er svært tidkrevjande å mappe 112 puslebitar. Vart ikkje heilt fornøyd, men igjen: det er i allefall ein start. Og så for eg ta ein vurdering på om eg i det heile tatt får tid til å lage denne sekvensen (sjølv om eg trur denne kan bli den beste – med ein del jobb).

Tags: , ,

mai 25, 2011 Off

Havskulptur dag 2/6

By in Dagbok, Eksperiment

Sekvensen eg starta på i dag trur eg kjem til å bli veldig bra. Det startar med å kaste lys gjennom hola i forma slik at projiseringa kun kjem på gulvet. Vidare vert spegeltrekantane lyslagt (dei er ikkje montert endå) og til slutt heile forma. Vekselsvis kan dei vidare skifte farge. Slik at det vert (minst) tre lag med farge.

Heile forma i blåtonar.

Utsnitt av forma. Projisering på gulv/skultpur

Kvitmåla form/gulv

Tags: , , , ,


Warning: Parameter 1 to W3_Plugin_TotalCache::ob_callback() expected to be a reference, value given in /home/oda/oda.hveem.no/wordpress/wp-includes/functions.php on line 3509